Alle grupper har no fått tilbod om vaksinasjon mot svineinfluensa. Me vil fortsetje å gi tilbod om vaksine til dei som av ulike grunnar ikkje har fått tatt vaksinen enno.
Neste datoar for vaksinasjon er:
21 desember kl 12.00- 14.00 på Storebø skule
29 desember kl 10.00-12.00 på Storebø skule
Vaksinen kostar kr 50. Ta med personnummer.
Barn under 16 år må ha med fullmakt frå føresette viss ikkje føresette er med.
Me ber spesielt dei som brukar spesielle medisiner som medfører nedsett immunforsvar om å komma og ta 2. dose av vaksinen. Det gjeld cellegifter mot kreft og nokre andre spesielle medisiner mot leddgikt og andre revmatiske sjukdommar. Nokre få personar har kronisk sjukdom som fører til svekka immunforsvar. Spør legen din dersom du er i tvil.
Folkehelseinstituttet gjev no det råd at barn under 10 år ikkje treng meir enn ein dose, slik at tidlegare tilråding om 2 dosar til barn under 10 år, har falle vekk.
Følg også med på informasjon på Austevoll kommune si nettside i tida framover.
Lene Vik Vassnes, leiande helsesøster.
Vaksinasjonsnytt per 19/11-09: VAKSINERING MOT SVINEINFLUENSA PÅ STOREBØ HELSESTASJON 24 NOVEMBER 2009Til no har ein gitt tilbod til grupper i befolkninga. Dette gjeld risikogrupper, hushaldsmedlemmer til barn under 6 månader og til barn frå 6 månader opp til skulealder.For dei i desse gruppene som ikkje har fått teke vaksina, opnar me Storebø helsestasjon tirsdag 24.november frå 09.00-14.00. (ingen timebestilling)For gravide i første trimester gir me tilbod om vaksine til hushaldsmedlemmar. Den gravide tek kontakt med eigen lege for registrering av kven som skal ha vaksine.Helsesøstertenesta i Austevoll
11/11: Vaksinen kom i dag!
Leiande helsesøster Lene Vik Vassnes og smittevernlege Sverre Rørtveit fekk i dag klokka 13.50 melding frå Folkehelseinstituttet om at kommunen får 500 dosar pandemivaksine idag.
Det vert difor vaksinasjon fredag 13. november, frå klokka 09.00 i kultursalen på Storebø skule. Smittevernpersonellet i kommunen opplyser at dei fyrste som skal vaksinerast i den kommande vaksinasjonsrunden, er dei som er i risikogruppene og dei i helsepersonellet som enno ikkje har fått vaksinen.Dei i risikogruppene som er under 65 år, skal møta i vaksinasjonslokalet mellom klokka 09.00 og 10.00. Dei over 65 år, skal møta klokka 10.00-11.00. Klokka 12.00 startar vaksinering av husstandsmedlemmene til ungar under tre månader. Klokka 13.00 startar vaksinering av husstandsmedlemmene til ungar som er tre, fire og fem månader gamle. Desse husstandsmedlemmene må gje opplysning om hushaldsrelasjonen når dei møter opp for vaksinering. Ta også med fullt personnummer. Vaksinen kostar 50 kroner. Det er mest sannsynleg at me ikkje kjem til å ha nok vaksine til alle desse i fyrste runde. Dei som meiner dei tilhøyrer risikogrupper og meiner dei ikkje er registrert som risikogruppepasient, skal venda seg til legekontoret sitt for å få avgjort om dei tilhøyrer risikogruppene. I vekene fram mot og etter nyttår er det sannsynleg at me vil ha fått nok vaksine til alle i Austevoll.Lene Vik Vassnes og Sverre Rørtveit
Svineinfluensa: Status vedkommande epidemien og vaksinasjonen per onsdag 28/10-09 kl 1135:Leiande helsesøster Lene Vik Vassnes og smittevernlege Sverre Rørtveit melder at svine-influensaepidemien er i full gong i Austevoll, mange er sjuke, og det er tildels stort fråver i skuleklassar og barnehagar. Folk kan oppdatera seg på råd om korleis dei skal forhalda seg dersom dei blir sjuke, ved svineinfluensa-menyen til kommunen sine nettsider og ved www.pandemi.no.Massevaksinasjon av risikogruppene skjer på Storebø skule torsdag 29/10 kl 09-15.Det er svært stor pågang etter vaksinen, som blir prioritert slik Helsedirektoratet har pålagt kommunane: Definerte risikogrupper av pasientar, og frontlinje helsepersonell. Austevoll kommune har fått tilsendt 500 dosar vaksine, og det er sannsynleg at alle desse dosane er oppbrukt etter vaksinasjonsrunden i morgon. Me er informert om at det kan gå eitpar veker før me får ny sending av vaksiner til Austevoll. Me skal gje opplysning her så snart me har noko å melda.
Vaksinasjon mot svineinfluensa, status per 26. oktober:
Vaksineringa av risikogruppene kjem til å skje i gymsalen på Storebø skule torsdag 29. oktober kl 09-15. Dei aller fleste i risikogruppene har fått personleg brev i posten med invitasjon. Men legetenesta i Austevoll har ikkje greid å fanga opp alle dei som tilhøyrer risikogruppene, slik at ikkje alle har fått brev. Dersom du lurar på om du tilhøyrer risikogruppe og bør få vaksine torsdag 29/10, kan du ringa til legekontoret ditt eller skriva til smittevernlegen på e-post sverre.rortveit@austevoll.kommune.nomed helsing Sverre Rørtveit, smittevernlege
Influensavaksinasjon, status per 13. oktober 2009:
To typar influensavaksine i år! Denne informasjonen gjev me her for å førebyggja misforståingar.
1) Vaksine mot den nye pandemiske influensaen, som me kallar svineinfluensa, har vore mykje omtalt, og me har fått opplyst at vaksinering mot svineinfluensa kan ta til i slutten av oktober, men tidspunktet er enno ikkje sikkert.Risikogrupper for svineinfluensa er litt andre enn dei for sesonginfluensa, og dei som tilhøyrer risikogruppene, vil få særskilt brev med innkalling til vaksinering ein bestemt dag, eit bestemt tidspunkt og ein bestemt stad. Det skal gjevast to vaksinedoser mot svineinfluensa, med ca 1 mnd mellomrom, og innkallinga vil gje tid og dato for begge dosane. Etter at risikogruppene er vaksinert, vil resten av befolkninga få tilbod om vaksinasjon mot svineinfluensa. Meir informasjon om det kjem etter kvart.
2) Vaksine mot sesonginfluensa. Dette er eit anna influensavirus enn svineinfluensaen.Risikogruppene for sesonginfluensa er dei same som har vore dei andre åra, og me skal informera meir nøyaktig om det i eiga annonse. Det er berre ein dose for sesonginfluensaen.Me har brukt å vaksinera mot sesonginfluensa på legekontora, og slik skal me gjera det i år også, slik at folk ringer til legesekretæren og avtalar kva tid det passar best å komma.Begge vaksinene er friviljuge. Kvar vaksinedose kostar 50 kroner, for alle.
Oppsummering: Vaksine mot svineinfluensa: Berre hos helsesøstrene! Vaksine mot sesonginfluensa: Berre på legekontora!Info pr 23.09.09:
Smittevernlege Sverre Rørtveit opplyser følgjande i samband med rapport til fylkesmannen:
Kontinuerleg overvaking av tilfelle av influensaliknande sjukdom i Austevoll, viser at det ikkje er nokon pågåande influensasmitte i kommunen.
(oppdatert 18. august):
Austevoll kommune har ein eigen beredskapsplan for ein influensapandemisituasjon som den ein no har i Norge. Kommuneleiinga og helsetenesta i Austevoll føl nøye med i utviklinga, og vil setja inn lokale tiltak dersom det skulle verta nødvendig.
Influensapandemiplanen for Austevoll kommune finn du under planar på hovudmenyen
Per i dag (18. august 2009) er det framleis ikkje noko som tyder på kraftig epidemi-utvikling med svineinfluensa i Austevoll. Me har hatt to personar som har fått påvist sjukdommen (smitta ved feriereise i utlandet), dei hadde begge sjukdommen i lett grad, og har ikkje smitta andre, så vidt me veit. Men ein god del folk ringer om febersjukdom, og dei fleste av desse viser seg å ikkje ha influensa.
Helsestyresmaktene reknar med at me får ein heftig epidemi, med sjukdom hos 10-30% av befokninga, ein gong i løpet av hausten.Som det er sagt frå sentralt hald mange gonger, så er sjukdommen heilt ufarleg for nesten alle. Men effekten på samfunnslivet blir stor, fordi mange blir sjuke. Nokre svært få kan få alvorleg sjukdom.
Ansvar for at me i fellesskap kan handtera pandemien godt, kan delast i tre:
I. Helse- og omsorgstenesta.
For Austevoll kommune kan det delast i
a) legetenesta, som kjem til å få kraftig pågong frå personar som er bekymra, og personar som er sjuke og treng råd og sjukmelding. Når det gjeld behandling med Tamiflu, så er det først og fremst dei risikogruppene som myndighetene har peikt ut som skal behandlast med det. Det er ikkje klarlagt enno kor effektivt det er, sjølv om viruset er følsomt for Tamiflu ved laboratorietesting. Tamiflu kan ha bivirkningar, og fordelar må vegast mot ulemper. Men risikogruppene (gravide, astma- og kolspasientar, diabetikarar, kronisk hjartesjuke, folk med nyresvikt, folk med alvorlege nevrologiske sjukdommar og folk med immunsvikt) bør behandlast.
b)helsesøstertenesta, som kjem til å få ei stor utfordring i å gjennomføra vaksinasjonsoppleggc) pleie-og omsorgstenestene, som må legga til rette for å ta imot pasientar frå sjukehusa.
II. Befolkninga,
dvs austevollingane. Folk må
a) overhalda dei smittehindrande råda som myndighetene gjev (hoste- og handhygieniske reglar)
b) dei som blir sjuke med sannsynleg svineinfluensa skal forhalda seg slik at dei ikkje utset andre enn den næraste familien for kontakt med seg i løpet av ei veke frå sjukdomsstarten. For mange kan det bety ei veke sjukmelding. Når pandemien er fullt utvikla, vil telefonkontakt med legen vera nok for å avtala sjukmelding.
c) dei som mistenker at dei er sjuke, skal ikkje setta seg ned på venterommet hos legen, men ringa til legekontoret slik at legen kan avtala det som er nødvendig for den enkelte.
d) me vil gjerne få kontakt med alle som mistenker at dei kan vera sjuke av influensa, slik at kommunehelsetenesta kan ha oversikt over pandemien sin gong i Austevoll.
III. Arbeidslivet
Dei offentlege etatane, bedriftene, dei samfunnsviktige verksemdene innan transport, energiforsyning, telekommunikasjon, brann og redning, politi, helseinstitusjonane, skulane, barnehagane må planlegga korleis dei kan oppretthalda funksjonen sin i ein situasjon med høgt sjukefråver. Hjelp i den planlegginga kan dei få ved å studera ein rettleiar som Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, med tittelen "Opprettholdelse av kritiske funksjoner ved høyt personellfravær". Den har internettlenke http://www.dsb.no/Global/Publikasjoner/2009/Andre/Pandemiveileder_02.pdf, eller ein kan klikka seg fram til den frå www.dsb.no.
Sverre Rørtveit, smittevernlege i Austevoll
.

