Nyhende

Konferanse program North Atlantic, Sau/ ull /Kulturlandskap

Publisert 02.02.2012 12:53

Saksdokument til kommunestyremøte 9. februar 2012

Publisert 01.02.2012 17:21
Innkalling/saksdokument til møte i kommunestyret torsdag 9. februar er lagt ut på heimesida.

Talentfulle ungdomar synte seg fram på UKM!

Publisert 01.02.2012 10:12

18 austevollsungdomar frå 10 til 18 år synte fram sine talent innan musikk og dans under UKM på Storebø i Austevoll laurdag!

Det vart eit flott arrangment i ein nesten fullsett kultursal!

Her var det både nybyrjarar og ungdomar som har vore med fleire gonger før, og alle framførte innslag av høg kvalitet og med personleg særpreg.

Juryen hadde inga lett oppgåve då dei skulle velje ut 5 av dei 14 innslaga som skulle gå vidare til fylkesmønstringa i Grieghallen 14. og 15. april. Nedanfor kan du sjå bilete av alle deltakarane og kven som gjekk vidare.


Møte i Råd for menneske med nedsett funksjonsevne 6. februar 2012

Publisert 31.01.2012 14:16

Saksdokument er lagt ut på kommunen si heimeside.


Møte i eldrerådet 6. februar 2012

Publisert 31.01.2012 11:11
Saksdokumenta er lagt ut på heimesida.

Møteprotokoll utval for helse og omsorg

Publisert 27.01.2012 13:54
Møteprotokoll frå møte 17.01.2012 er lagt ut på heimesida.

Skuleruta for 2012-2013 er godkjent

Publisert 27.01.2012 8:06
Skuleruta 2012-2013 (120kb)

Møteprotokoller formannskapet og valstyre - møte 24. januar 2012

Publisert 26.01.2012 15:20
Møteprotokoller frå møte i formannskapet og valstyret 24. januar er lagt ut på heimesida under saksdokument.

Møteprotokoll for møte i Utval for oppvekst og kultur 17.01.2012

Publisert 19.01.2012 11:44

Møteprotokoll for møte i Utval for oppvekst og kultur 17.01.2012 er lagt inn på heimesida under Saksdokument.


UKM 2012 nærmar seg!

Publisert 17.01.2012 11:57

.

Då er det på det næraste klart for den årlege stormarkeringa av ungdomskulturen i Austevoll: UKM!

Denne forkortinga står for Ungdommens kulturmønstring, og dette skjer i kultursalen på Storebø skule laurdag 28. januar kl. 15.00.

18 deltakarar i alderen 10 - 18 år vil då presentere i alt 16 innslag innan song, musikk og dans!

.

Som eit gjesteinnslag, mens juryen finn ut kven som skal representere Austevoll på fylkesmønstringa, får vi denne gongen og eit standupshow med lokal vri, servert av vår lokale standupartist Ole Andreas Drønen!

.

Alle er velkomne, og meir informasjon finn du under "Kva skjer?".


Forteljarstund for born på biblioteket!

Publisert 12.01.2012 13:09

.

Gardsdyra på bibliotekstur

Det var ein gong ein sau, ein gris, ei ku og ei høne som skulle til biblioteket og låne seg bøker. Men å låne bøker er ikkje alltid så lett, i alle fall ikkje når man er eit dyr som ikkje snakkar norsk...

.

Dette og meir til får ein høyre om på Austevoll Folkebiblioteket laurdag 14. januar kl. 12.00!

Dette er eit morosamt eventyr fra Canada som passar for born frå 4 år og oppover.

Det er den profesjonelle forteljaren Liv Brita Brodal som kjem og fortel, og mange hugsar henne sikkert frå tidlegare forteljarstunder på biblioteket og på skulane i Austevoll.

Fredag og måndag fortel ho for alle elevane i 5. til 7. klasse på barneskulane i Austevoll.

Gratis inngong!

.

Arrangør: Austevoll kommune, Den kulturelle skulesekken.


Planprogram for Interkommunal strandsoneplan for Sunnhordland

Publisert 05.01.2012 11:13

Planprogram for Interkommunal strandsoneplan for Sunnhordland er lagt inn på heimesida under planar.

Høyringsfrist er 15. februar 2012

Kontaktpersoner i Austevoll: Bjørn Wefring og Helge Andre Njåstad tlf. 55 08 10 00


Kommuneplaninnspel klar til politisk vurdering

Publisert 03.01.2012 20:17
Administrasjonen har no gjennomgått alle 175 innspel i den lokale høyringa på kommuneplanen sin arealdel og komt med sine faglege vurderingar til politikkarane som får saka på sitt bord i utval for plan og byggesak 24. januar.

Avgifter og gebyr 2012

Publisert 22.12.2011 13:55

Kunngjering, reguleringsplan Djupevåg

Publisert 21.12.2011 9:28

Kommunestyremøte 12. desember 2011

Publisert 15.12.2011 13:59
Møteprotokollen er lagt inn på heimesida under saksdokument.

AMBULANSEBÅTEN RYGERVAKT DØYPT

Publisert 09.12.2011 22:50

Styreleiar i Helse Bergen Ranveig Frøiland var gudmor då den nye ambulandebåten vart døypt.


DEN NYE AMBULANSESTASJONEN ÅPNET

Publisert 09.12.2011 22:35
Administrerande direktør, Stener Kvinnsland stod for den høgtidlege opninga av den nye ambulansestasjonen på Storholmen.

Møte i kommunestyre mandag 12. desember 2011

Publisert 05.12.2011 17:16

Saksdokumenta til møte i kommunestyre mandag 12. desember 2011 kl. 10.00 er lagt inn på heimesida.

Møte er ope for tilhøyrarar.

NB: Tilleggssaker til møte12. des. er lagt inn på heimesida 09.12.11.


Møteprotokoll frå møte i Utval for helse og sosial 01.12.2011

Publisert 05.12.2011 12:55

Møtebok for møte i Utval for helse og sosial 01.12.2011 er lagt inn på heimesida under Saksdokument.