Barnevernstenesta
Barnevernstenesta i Austevoll arbeider etter Lov om barnevernstjenester og skal sikre at barn og unge får naudsynt hjelp og omsorg dersom dei lever under tilhøve som kan skade utvikling og helse. Barnevernstenesta arbeider for
- Gode oppvekstvilkår gjennom eigna forebyggjande tiltak og i samarbeid med andre instansar.
- Gje råd og rettleiing til foreldre i form av trening på god samspel og metodar for endring av negativ atferd hos barn og unge.
- Overta omsorga for vidare plassering i fosterheim eller institusjon.
Barn har uttalelsesrett i sakar som vedkjem dei.
Barnevernstenesta sitt overordna prinsipp er å ha fokus på kva som vil vere det beste for barna. Ansvarsområda gjelder for barn under 18 år, unntaksvis er øvre grense 23 år.
Barnevernstenesta har eit omfattande samarbeid med andre offentlege og private verksemder som arbeider for barn og ungdom. Dei næraste samarbeidspartnarane er helsestasjon, barnehage, politi, skule, PPT, psykisk helse og det statlege barnevernet.
Bekymringsmelding
Dersom du er bekymra for eit barns utvikling elle romsorg, kan du ta kontakt med barnevernstenesta via telefon eller brev. Du kan drøfta ei bekymring utan å nemne namn eller melda di bekymring utan å oppgje eige namn.
Dersom barnevernstenesta besluttar å undersøkja meldinga vert familien kontakta. Undersøkinga innheld ofte samtalar, innhenting av opplysningar og observasjonar. Undersøkinga skal avsluttast innan 3 månader, ved enten at saka vert lagt vekk eller tilråding til tiltak.
Offentlege tilsette har meldeplikt. Når bør du ta kontakt med barnevernet?
- Når du har grunn til å tru at eit barn ikkje får dekka grunnleggande behov for omsorg, tryggleik, mat og stell.
- Når du ser eit barn er utan tilsyn og verkar skremt eller engsteleg.
- Når du har grunn til å tru at eit barn vert utsett for fysisk/psykisk mishandling eller seksuelle overgrep.
- Når du er bekymra for at foreldra/barnet har eit rusproblem.
- Når du som foreldre er bekymra for barnet ditt.
- Når barnet har vedvarande atferdsproblem.
- Når du som foreldre treng hjelp til å ivareta barnet ditt.
Barnevernstenesta er til vanleg tilgjengeleg i vanleg kontortid om dagen, men du bør ringa på førehand og avtala tid.
Barnevernstenesta har ikkje beredskapsvakt utanom vanleg kontortid. Kontakt politiet i eventuelle akuttsituasjonar.
Skjema for bekymringsmelding
Kontakt
Austevoll Barnevernsteneste, Kommunehuset, 5392 Storebø.
Leiar Anne Mette Sjøvoll tlf. 95 81 69 38. anne.sjovoll@austevoll.kommune.no Barnevernskonsulent Hilde Hevrøy tlf. 55 08 14 15 / 97 46 50 67. hilde.hevroy@austevoll.kommune.no Barnevernskonsulent Liv Iren Birkeland tlf. 55 08 14 12 / 48 21 27 90. liv.iren.birkeland@austevoll.kommune.no Barnevernskonsulent Sissel Kristin Åbrekk tlf. 55 08 14 14 / 46 80 43 00 sissel.kristin.abrekk@austevoll.kommune.no
Nyttige lenkjer
- Barne-, ungdoms-, og familieetaten (http://www.bufetat.no/)
- Familievernkontor på Stord (http://www.bufetat.no/familievernkontor/stord/)
- Lov om barnevernstjenester (http://lovdata.no/cgi-wift/wiftldles?doc=/app/gratis/www/docroot/all/nl-19920717-100.html&emne=barnevernlov*&&)
- Fosterheim (http://www.fosterhjem.no/)
- Adopsjon (http://www.bufetat.no/adopsjon)

