Byggesaker
Søknadsskjema: Bygningsteknisk etat:
Teknisk etat er lagt ned og er ikkje lengre eigen etat/kontor.
Arbeidsoppgåvene som teknisk etat hadde, er lagt til Offentleg servicekontor og til Rådmannskontoret. Fagpersonellet er flytta med.
Det er derfor Offentleg servicekontor som no handsamar alle byggesaker og liknade, samt førebur slike saker til planutvalet.
Fagpersonell/sakshandsamarar i byggesaker er:
- Aud Jorunn Klepsvik - konsulent
- Randi Jensen - sekretær
- Lars-Erling Horgen - leiar OSK
Plan- og bygningslova gjev reglar for kva type tiltak det er søkjeplikt eller meldeplikt for. Nokre mindre arbeid er fritekne for meldeplikt. Nedanfor finn du ein oversikt over korleis lova skil mellom tiltak med omsyn til søknadsplikt, meldeplikt og fritak.
-
Byggearbeid som ikkje krev søknad eller melding:
a. Frittliggjande bygg:
-
Mindre frittliggjande bygg på inntil 15 m2. Bygget kan ikkje nyttast til varig opphald for personar (med varig opphald meinar ein bygg som gjeste-/soverom, og liknande). Mønehøgda må ikkje overstige 3 meter og gesimshøgda må ikkje vere over 2,5 mter. Avstand til andre bygg på eigedomen må vere minst 1 meter.
-
Mindre bygg knytt til drift av jordbruks- og skogbrukseigedomar.
b. Mindre tiltak i eksisterande bygg:
- Mindre fasadeendring, eller attendeføring av fasade til opprinneleg form.
Døme: skifting av vidauge, utvendig trapp frå altan,
- Arbeid med ikkje berande vegg, som ligg innanfor ei branncelle og som ikkje medfører vesentlege endringar i planløysinga.
- Installering, endring, og reparasjon av enkle instllasjonar i eksisterande bygg innafor ei bruksendring eller ei branncelle.
- Reinstallering og reparasjon av eldstad. Installering av ny eldstad og andre tiltak knytt til eldstader er også unnateke frå krav om søknad og melding, dersom arbeidet vert kontrollert av kvalifisert kontrollør.
c . Mindre tiltak utandørs:
- Levegg med ei høgd på inntil 1,80 m og lengde på inntil 10,0 m.
- Frittliggande utepeis, utegolv, postkassestativ, mindre skulpturar og liknande.
- Gjerde mot veg med ei høgde på inntil 1,5 m. Gjerdet må ikkje hindra sikta i frisiktsone mot veg. (Mot vegkryss må høgda senkast til 0,5 m).
- Reklameskilt som vert montert flatt på vegg og som ikkje er større enn 1,0 m2.
- Mindre antenner. Antennemasta kan vere inntil 2,0 m høg. Parabolantenner kan ha ein diameter på inntil 1,0 m.
- Støttemurar med høgde inntil 1,0 m og som har ein avstand til nabogrense på minst 2,0 m, eller høgde inntil 1,5 m og avstand til nabogrense på minst 4,0 m. – Muren må ikkje vere til hinder for frisiktsoner mot veg.
- Fylling eller planering av terreng når tiltaket ikkje medfører eit avvik frå opprinneleg terreng på meir enn 3,0 m i spreiddbygd område og 1,5 m i tettbygd område. På eigedomar med rekkjehus og annan tett busetnad må avviket ikkje vere større enn 0,5 m.
- Graving av kablar (elektriske og TV-kablar og liknade).
- Lokalt dreneringsarbeid og reparasjonar ved rør- og leidningsbrot.
- Opparbeiding av biloppstillingsplass for eiga tomt.
Vilkår:
For at tiltaket skal vere friteke frå søknads- og meldeplikt set lova som vilkår at det ikkje fører til fare eller urimeleg ulempe for omgjevnadene eller allmenne interesser.
Tiltakshavar har uansett plikt til å følgje reglane i Plan- og bygningslova med forskrifter og Veglova. Fritaket gjeld altså ikkje for tiltak som elles ville vore i strid med lova eller gjeldande regulering eller vedtak. Til dømes vil ein ikkje kunne bygge i 100-metersbeltet langs sjøen eller i strid med reguleringsplan utan at det er søkt om dispensasjon. Plan-og bygningslova 17-2
Lenkjer:
Bygningsteknisk etat: Her finner du søknadsskjema m.m
-
Som hovudregel krev Plan- og bygningslova § 93 at det vert søkt om løyve for byggearbeid og tiltak innanfor desse områda:
a. Bygningar, konstruksjonar og anlegg
Oppføring, tilbygg, påbygg, eller plassering av varig, mellombels eller transportable bygg eller anlegg.
b. Vesentlege fasadeendringar
c. Bruksendring
Vesentleg utviding eller endring av bruksområde for bygg.
d. Riving
e. Byggtekniske installasjonar
Elektriske installasjonar, våtrom, berande konstruksjonar m.v.
f. Gjerde mot veg med høgde over 1,5 m
Mot vegkryss må høgda senkast til 0,5 m
g. Vesentleg terrenginngrep
h. Veg og parkeringsplass
i. Deling og samanslåing av grunneigedom
Byggearbeid som det må meldast frå om:
Nokre mindre omfattande tiltak vert handsama etter enklare reglar, noko som gjev kortare sakshandsamingstid. Melding om tiltak skal vere handsama innan 3 veker.
Følgjande tiltak kan handsamast etter reglane om melding:
a. Oppføring, endring og reparasjon av driftsbygningar i landbruket
Sjå plan- og bygningslova § 81. Dette gjeld også installasjonar i slike bygg. Husvære for seterbruk, næringsfiske eller skogsdrift vert også rekna som driftsbygningar etter § 81.
b. Arbeid i tilknyting til mellombels, eller transportable bygningar, konstruksjonar og anlegg
Sjå plan- og bygningslova § 85.
c. Mindre byggearbeid på bustad- og fritidseigedom
Sjå plan- og bygningslova § 86a.
Vilkår:
Tiltakshavar er ansvarleg for at byggearbeid som er omfatta av reglane om melding vert utført i samsvar med plan- og bygningslova med forskrift og gjeldande regulering.

