Frådeling 
DELING AV EIGEDOM
Ein grunneigedom vert identifisert med eige gards- og bruksnummer og eventuelt festenummer. Ein parsell av fast eigedom kan ikkje seljast, eller bortfestast for meir enn ti år, utan at det er halde kart- og delingsforretning over parsellen jfr. Delingslova § 2.

Ei deling av eigedom må godkjennast av kommunen. Ein delingssøknad vert handsama etter plan- og bygningslova, jordlova og kommuneplanen.

Rkvisisjon_av_kartforretning_og_deling.pdf (62kb)

Nabovarsel
Gjempart av nabovarsel
Behandlingsgebyr:
Det vert krevd inn eit handsamingsgebyr av kommunen for handsaming av ein delingssøknad.
Gebyra må innbetalast før saka kan handsamast.
./.Det vert vist til satsane i gebyrregulativet
Frådeling i 100-metersbeltet langs sjøen er avhengig av samtykke etter plan- og bygningslova § 17-2 der det er generelt forbod mot frådeling.
Det er gjort unntak frå forbodet for:
  • Tettbebygd strøk eller område omfatta av reguleringsplan eller strandplan.
  • Område som i arealdelen i kommuneplanen er utlagt til byggeområde.
  • I andre høve er frådeling avhengig av dispensasjon frå "strandlova" plan- og bygningslova §17-2.
  • Ein søknad om dispensasjon må til uttale hos høyringsinstansane som er; Fylkesmannen og Fylkeskommunen m.fl., før kommunen kan behandle saka.
KLOAKK, UTSLEPPSLØYVE
Ein bustadtomt er avhengig av lovleg kloakkutslepp. Leidningsnett som fører til offentleg avlaup er tidlegare godkjende av kommunen og er lovlege. For private avlaup må ein søkje om utsleppsløyve og ein del vilkår må vera oppfylt. Desse vilkåra kjem fram av avlaupsplanen for Austevoll kommune for mindre avlaup, lokal forskrift. Fiskeridirektoratet skal godkjenne nye avlaupsleidningar i sjø. Tilknyting til private leidningar eller legging av leidningar over annan manns eigedom krev erklæring frå eigarane.
VEG
Frådeling av ein bustadtomt er avhengig av lovleg tilkomst til veg som er open for allmenn ferdsel. Avkjørsle til offentleg veg må vera godkjent av vegmyndighet.
ANDRE TILHØVE
Frådeling til bustadhus kan ikkje skje i sikringssona under høgspentliner.
Avstand til riksveg skal vera min. 50 m og til fylkesveg og kommunal veg 15 m. Kortare avstand krev dispensasjon eller reguleringsplan.
Rettleiing for søknad om deling av eigedom:
Ved søknad om deling av grunneigedom skal skjema for "søknad om deling av grunneigedom" nyttast.
Søknaden må vera underteikna av grunneigaren (heimelshavaren) for å kunne handsamast.
Vedlegg til søknaden:
- kart/situasjonskart der delingsforslaget er innteikna.
- søknad om vassforsyning, kloakk og tilkomst.
- kartutsnitt av reguleringsplan ved søknad om deling i regulert område.
- Gjenpart av nabovarsel
- Søknad om utsleppsløyve dersom utsleppet ikkje omfatter offentleg kloakk (Austevoll vatn og avløp BA)
Naboar og gjenbuar skal varslast både ved søknad om deling av grunn og søknad om utsleppsløyve.
Naboar er eigar/festar av eigedomar som har felles grense med den eigedomen som skal frådelast, medan gjenbuarar er eigarar av eigedomar som ligg på motsatt side av veg og lignende vis-a-vis eigedomen som skal frådelast.
Skjema "Nabovarsel" i utfylt stand skal leverast nabo/gjenbuar eller sendast i rekomandert brev.
Gjenpart av nabovarsel skal sendast Austevoll kommune.
KART
Kart som skal leggjast ved kan ein få ved å venda seg til offentleg servicekontor.
Over dei områda ikkje passande kart finst, må det leggjast ved målsett skisse som inneheld nødvendige opplysningar (tilkomstveg, avstand til midten av offentleg veg, strandline, elv/bekk, drikkevassbrønn, luftlinjer og eventuelle jordkablar, eksisterande bygningar).
Ein nøye utfylt søknad gjev raskare sakshandsaming.
Legg særleg vekt på å få fram opplysningar om kva eigedomen/tomta skal nyttast til og korleis tilkomstveg, vatn og kloakk skal løysast.
Søknad om deling i regulert område
Ved søknad om deling i regulert område skal det leggjast ved kartutsnitt av reguleringsplanen som viser kva som skal frådelast. Deling som ikkje samsvarer med planen må handsamast som reguleringsendring.
Kartutsnitt av reguleringsplan kan ein få ved å venda seg til offentleg servicekontor.
Søknad om deling utanom regulert område og som krev dispensasjon frå kommuneplanen. Frådeling til bygging i Landbruk- natur- og friluftsområde (LNF-område) er ikkje tillate og er avhengig av dispensasjon frå kommuneplanen og godkjenning hos landbruksmyndighetene (jordlova).
Ein søknad om dispensasjon må til uttale hos høyringsinstansane, Fylkesmannen og fylkeskommunen m.fl., før den kan handsamast av kommunen. Ein slik søknad krev politisk handsaming (planutvalet).
Når søknaden er ferdig handsama av planutvalet vert det sendt utskrift til berørte partar, med orientering om klagerett.
Oppmålingsgebyr/tinglysingsgebyr for målebrev
Rekning på desse gebyra vert sendt av Austevoll kommune til søkjar eller den som er oppgjeve som skal betale dette gebyret. Desse gebyra må vera innbetalt før målebrevet kan tinglysast.
./. viser til gebyrregulativet.
Vilkår som er knytt til løyvet må innfriast før deling vert gjennomført
Eit vedtak kan gå utpå at søknaden vert godkjent dersom visse vilkår vert oppfylt. Det kan for eksempel vere at vegretten over berørt grunn må sikrast med tinglyst erklæring, at grunnen er eigna til infiltrasjon av avløpsvatn eller at tomta med tinglyst erklæring vert sikra rett til å ha separat avløpsanlegg utanfor det arealet som skal frådelast.
Dersom det er stilt slike vilkår i vedtaket kan tomta ikkje målast før vilkåra er oppfylt. Søkjaren må sjølv syta for å få vilkåra oppfylt.
Erklæring som skal tinglysast
Er det stilt krav om tinglyst erklæring må den skrivast i to eksemplar og sendast Midhordland tingrett for tinglysing. Kopi skal leverast offentleg servicekontor.
Delingsløyvet si gyldighetstid
Løyvet fell bort dersom deling ikkje vert fullført innan 3 år etter at løyvet er gjeve. (Jordlova § 12).
Kartlegging og deling av eigedom
Delingslova § 2 bestemmer at før deler av eigedomen vert bortfesta for meir enn 10 år må parsellen kartleggjast. Austevoll Kraftlag v/kartavdelinga utfører kartlegging og deling for Austevoll kommune.
Markarbeid - Eigedomsgrenser
Når delingsløyvet ligg føre, eventuelle vilkår er oppfylt, kan oppmålingsmynde dele eigedomen eller opprette ny festegrunn. Søkjar/rekvirent og naboar vert skriftleg innkalla. Ved kartforretninga vert den nye tomta merka og oppmålt. For å unngå forseinkingar og ekstra kostnader må grunneigarane på førehand leite opp og kunne påvise aktuelle eigedomsgrenser i marka. I tilfelle uklarhet eller tvist om grenser skal styrar varslast. Avbroten kartforretning som skuldast rekvirenten, vert belasta med ekstra gebyr. Eigedomen sitt målebrev, eller anna oppmålingsdokument og eventuelle tinglyste rettar må framleggjast under forretninga. Kva som finst av slikt går fram av eigedomens grunnbokblad som finst hos Sorenskrivaren.
Oppmøte etter fullmakt
Heimelshavar må møte til forretninga eller gje skriftleg fullmakt til ein annan person. Blankett for fullmakt fylgjer innkallinga. Alle naboar som grenser inntil tomta som skal frådelast, bør møte til forretninga.
Målebrev
Etter kartforretninga lagar oppmålinga målebrev for den nye tomta. Målebrevet inneheld kart med opplysningar om grensemerking, sidelengder, areal, gards- og bruksnummer.
Orientering om heimeloverføring - tinglysing av skøyte-/festekontrakt
Overdraging med tinglysing av skøyte eller festekontrakt er privatrettsleg handling som kjøpar/seljar sjølv må ordne. Dette kan i nokre tilfelle vere ein komplisert og tidkrevande prosess. Midhordland tingrett, advokat eller eigedomsmeklar kan gje hjelp og rettleiing. Til hjelp er det nedanfor sett opp ei huskeliste for ei "normalsak"
Skøyte/festekontrakt
Blankettar for skøyte og festekontrakter får ein kjøpt hos bokhandler eller offentleg servicekontor. Før tinglysing må det vanlegvis ordnast med:
- Pantefråfall/sletting av hefte
- Eigenerklæring om konsesjonsfritak eller
- Vedtak om konsesjon
Sletting av hefte
Hefte for hovedeigedomen vert ført automatisk over på frådelt tomt. Før den nye tomta vert overskøytt må tomta vere heftefri. Soreskrivaren gjev opplysningar om hefte. Kontakt pantehavar (vanlegvis banker) for sletting.
Konsesjon
(Lov om konsesjon ved erverv av fast eigedom av 01.01.04)
Eigedom/festerett kan vere konsesjonsfri eller konsesjonspliktig. Konsesjonsfri er vanlegvis ny ubebygd eigedom under 2 da og bebygd eigedom under 100 da. Konsesjonsfrihet kan også inntre ved slektskap.
./. sjå konsesjonslova.
Nærare rettleiing finst på blankett for eigenerklæring/søknadsskjema. "Eigenerklæring om konsesjonsfrihet ved erverv av fast eigedom m.v." skal bekreftast av kommunen og - sendast saman med skøyte/festekontrakt til tinglysing.
Konsesjonsplikt
Konsesjonsplikt inntrer når kjøpar har eigedom frå før eller p.g.a. eigedomens størrelse. Søknad om konsesjon skal skrivast på fastsett skjema og skal sendast til Austevoll kommune. Det vert kravd gebyr for konsesjonshandsaming. Konsesjonsvedtak skal leverast saman med skøyte til tinglysing til Midhordland tingrett.