HELSE OG SOSIALETATEN

Det overordna målet for arbeidet innan helse- og sosialetaten er å gje innbyggjarane best moglege helsetenester og sosialtenester innanfor dei økonomiske og personellmessige ressursrammene som kommunestyret fastset. Tenestetilbodet skal vera på eit forsvarleg nivå ut frå gjeldande reglar i lover, forskrifter og overordna nasjonale målsetjingar.

Helse- og sosialetaten vert leia av helse- og sosialsjef Helge Skugstad. Han kan nåast på telefon 55081000 eller på epost helge.skugstad@austevoll.kommune.no

Alle som oppheld seg i Austevoll kommune har rett til nødvendig helsehjelp og sosiale tenester etter sosialtenestelova. Dersom du eller dine næraste pårørande ikkje er nøgd med dei tenestene som vert gjeve, har du klagerett. Slik klage bør fremjast skriftleg, og kan sendast til den avdelinga som har ansvaret for den aktuelle tenesta, eller direkte til helse- og sosialsjefen. Det kan også sendast klage direkte til fylkeslegen når det gjeld helsetenester, og til fylkesmannen når det gjeld sosialtenester. Du har også krav på å få hjelp til å skriva klage.

I etatsleiinga jobbar også rådgjevar Jofrid Troland. Ho kan treffast på telefon 55 08 10 00 eller på e-postadresse jofrid.troland@austevoll.kommune.no