I går gjekk Barnas Festspilldag av stabelen i Bergen, og i ein liten halvtime frå kl. 15 var det austevollsungdomar som stod for sceneshow og musikk. Trass i regnet var det mange publikummarar på Torgallmenningen, og då elevane frå Austevoll kulturskule avslutta med "Fångad av en stormvind" med solist Elida Waage og 8 dansarar, høyrdest gisp og kommentarar som "Ååå, så bra!!" hos publikum.
Før dette fekk publikum sjå ein dans frå Beat It og høyre fleire flotte sanginnslag.
Sjå fleire bilete her:
Moonwalk på "Billie Jean" med jazzdansgruppa:
Sandra med "I can't help loving that man":
Sandra og Margareta med "Eternally":
Og Ingelinn med "Think of me":
Då er det berre å kome på kulturskulen si sommarframsyning PULS i kultursalen søndag kl. 17.00 for å oppleve alle desse og mange andre unge talent!
Lagt ut av: Audun Alvsåker

