Teaterframsyninga "Ole Bull. Jeg bygger luftslott" til Storebø i oktober.

Som kjend er det i år mange ulike markeringar av at det er 200 år sidan Ole Bull vart fødd.

Hordaland Teater kjem til hausten med ei nylaga framsyning som heiter "Ole Bull. Jeg lager luftslott".

Stykket kjem til Storebø og vert spelt i kultursalen torsdag 21. oktober etter å ha vore spelt i Bergen i heile september. Framsyninga er berekna for ungdom og vaksne frå 14 år og oppover og vert Austevoll si eiga markering av Ole Bull-året.

Denne framsyninga om kvelden vert arrangert av Austevoll kommune / LivOGlyst, og dagen etter vert det skuleframsyning for ungdomsskuleelevane på dagtid.

Arrangørane håpar at mange vel å sjå denne framsyninga her heime i staden for i Bergen, og billettprisen vil og vere lågare her enn i Bergen.

Det kjem meir informasjon om dette etter sommarferien.






Lagt ut av: Audun Alvsåker