Til hausten startar eit heilt nytt tilbod i kulturskulen:
Dans for elevar i 1. til 3. klasse!
Til no har skulen berre hatt tilbod i dans for elevar i ungdomsskulen, men i det siste har vi fått mange signal om at det er stor interesse for eit slikt tilbod og for dei yngste i barneskulen.
Dette vil vi prøve ut no i året som kjem, og nedanfor følgjer meir informasjon om dette tilbodet og korleis ein kan søkje plass.
For desse yngste elevane vert det ikkje spesialisering på t.d. jazzdans eller ballett, men meir variert danseleik og grunntrening.
Undervisninga vil foregå i danse- og treningssalen i Austevollhallen, og vi reknar med å ha ein godt kvalifisert danselærar på plass som vikar for vår faste danselærar, som skal ha permisjon dette året.
Før å søkje, kan ein gå direkte til søknadssida til kulturskulen her, eller sende ein e-post til austevoll@kulturskolen.no.
Lagt ut av: Audun Alvsåker

