VIS VARSEMND UNNGÅ UTRYKNING TIL JONSOKBÅLET
Feiring av Jonsok og bålbrenning har lange tradisjonar og høyrer naturleg saman. Det er likevel viktig å være merksam på sikkerhet og brannfare slik at ein unngår at brann- og redningstenesta kjem og slokkjer bålet. Vær merksam på at bål og opptent eld skal handsamast slik at det ikkje fører til brann. Jonsokbål skal i god tid meldast til Austevoll kommune sitt service kontor på tlf. 55081000. Vær spesielt merksam på at all bålbrenning i eller i nærleik av skogmark er forbode utan særleg løyve frå brannsjefen i tida 15. april - 15. september, jfr. brann- og eksplosjonsvernloven § 5, (gjeld kvar einskildes plikt til å førebyggja og avgrense skadeverknadene ved brann, eksplosjon og annan ulykke).



VED BRENNING AV BÅL BØR EIN HUGSE PÅ:

· Den ansvarlege for bålet må melde frå til Austevoll kommune sitt service kontor på tlf. 55081000 med opplysningar om stad og tidspunkt for opptenning og slokking av bålet

· All bålbrenning skjer på eige ansvar

· Løyve frå grunneigar må innhentast.

· Ein vaksen person skal være ansvarleg og være tilstades ved bålbrenninga.

· Den ansvarslege for bålet skal sørgje for at bålet haldast under kontroll, og vert slokt forsvarleg med rikeleg mengder vatn. Dersom det ikkje er vatn på staden, må dette takast med. Det kan være lurt å ha med seg nokon ekstra bøtter.

· Held god avstand til bygningar, vegetasjon og anna som kan ta fyr.

· Ikke bygg bålet for stort. Kast heller på meir ved etter kvart.

· Brenn kun tørr trevirke. Miljøfarlege stoffar skal ikkje brennast.

· Held born på avstand frå bålet og om mogleg kle dei i naturstoffer som bomull og ull. Kunststoff er lett antennleg og kan smelte under sterk varme.

· Bålbrenninga må være avslutta i god tid før solnedgang.

· Kjem bålet likevel ut av kontroll må du varsle du brannvesenet på tlf: 110

OBS!

I TØRKEPERIODAR OG VED STERK VIND, VIL BRANNSJEFEN VURDERE FORBOD.

Brannsjefen

 




Lagt ut av: