BRANNBIL TIL MØKSTER

Mandag denne veka kunne ordførarar Njåstad, varordførar Stangeland og brannsjef Weløy mønstre ombord i Møkstranissen og ta turen til Møkster for å overekkje ein brannbil til Møkstrafolket. Brannbilen, ein varebil av typen Mazda 2000 vart i 1998 kjøpt inn til Torangsvågen brannstasjon, men då brua til Austevollhella stod ferdig vart den overflødig. Då Møkster Vel for ei tid tilbake tok opp ei sak om branntryggleiken på øya og ynskste å byggja ei garasje der dei kunne samla brannvernmateriell, dukka tanken opp om denne bilen kunne plasserast på Møkster.



 

 

 

 

 

Ordføraren kunne for eiga hand og med hjelp frå krana ombord i Møkstranissen plassere brannbilen trygt på kai på Møkster.

 

 

 

Fyrste oppdrag var heimkjøring av ein "feilmedisinert" møkstring. Oppdraget vart utført av ordføraraen sjølv.

 

 

Møkstra Vel har allereie starta arbeidet med forskaling av grunnmur til brannstasjon garasjen på Møkster. Plassering av stasjonen vert sentralt på øya. Varaordføraren fylgjer nøye med på at det heile går rett for seg.

 

 

 

Ordførar Njåstad seier nokre ord om kvifor kommunen ynskjer å støtte opp under dette tiltaket og overekkjer høgtidleg nykkel til brannbilen til Svein Møkster. Svein har vert ein sterk pådrivar for tiltaket og vil få ein sentral rolle i vedlikehald og drift av stasjonen.

 

 

 

 

 

 

 

 




Lagt ut av: