Nyhende

GODKJEND REGULERINGSPLAN

Publisert 20.12.2005 15:45

REGULERINGSFRAMLEGG MØKSTER

Publisert 20.12.2005 15:36
OFFENTLEG ETTERSYN

Bileter frå sydenturen

Publisert 08.12.2005 20:03
Onsdag 30. november til onsdag 7. desember var ein gjeng på 21 frå Austevoll på tur til Kypros. Me har lagt ut nokon stemningsbileter frå turen på nettet. Fullstendig reisebrev og fleire bileter kjem seinare. Sjå bilete

Ein halv million ekstra til hallen!

Publisert 22.11.2005 14:30
Fylkesordførar Toril Selsvol Nyborg og Hordaland fylkeskommune vil auke tilskotet til Austevollhallen med 0,5 million til 2,5 millionar. Det kom fram i dag etter at fleirtalet i fylkesutvalet gjorde budsjettinnstilling.

Melding om reguleringsvedtak

Publisert 17.11.2005 11:59

Orienterte om etter og vidareutdanningsprosjekt.

Publisert 09.11.2005 11:56

Prosjektleiar Tone Elin Mekki frå Høgskulen i Bergen, avdelingsleiar Laila Kalvenes og ass.avdelingsleiar Kjersti Søderberg orienterte i går kommunestyrerepresentantane om arbeidet innan etter- og vidareutdanningsprosjektet EVUK.


Austevoll kommune må også i 2006 redusere på tilboda.

Publisert 09.11.2005 10:40
Austevoll kommune har over fleire år redusert på aktivitetsnivået på fleire område.  Mange av kommunen sine brukarar merker den stramme kommuneøkonomien ved at tilboda vert redusert.  Alle kan sjå forfallet på kommunale bygningar og at vegvedlikehaldet er dårligare enn før.

Austevoll idrettsanlegg - kunstgras

Publisert 08.11.2005 21:05

Endå ein gong har samarbeid mellom næringsdrivande,Kunstgrasbane

idrettslag og kommune gjeve gode resultat til glede for alle i Austevoll.


- Kommunen kjøper Marstein Fyr

Publisert 08.11.2005 16:05
Kommunestyret tok i dag stilling til kontrakten på kjøp av Marstein Fyr og godtok i samsvar med rådmannen sin tilråding at kommunen kjøper fyret til takst kr 200 000,.

Attraktiv bustadtomt på Austevollshella til salgs

Publisert 08.11.2005 8:06

DSCF1533.jpg

Austevoll kommune har for sal bustadtomt helt ned mot sjøen med flott utsikt over skipsleia. Ved å kjøpe denne tomta har du ca 25 meter å gå for å kaste ut sluken eller ta deg et bad.


- Ber fiskeriministeren satse på Austevoll havbrukstasjon

Publisert 07.11.2005 8:00

Ordføraren i Austevoll, Byrådsleiaren i Bergen og fylkesordføraren i Hordaland har saman bedt fiskeriminister Helga Pedersen gjera ei ny vurdering i forhold til utbygginga av Havbrukstasjonen i Austevoll. - En nedprioritering eller nedbygging av Austevoll som forskningsmiljø er ikke bare et lokalt tap. Med den store internasjonale kontaktflate Havforskningsinstituttet og stasjonen i Austevoll har, vil dette ramme havbruksforskning og næring også regionalt og nasjonalt, heiter det i brevet.


Ope møte

Publisert 01.11.2005 9:41
Onsdag 2. november kl 17 er det ope møte på kommunehuset der framtida for norske sjøfolk og fiskarar står på dagsorden. Nestleiaren i Norsk Sjømannsforbund vert med i tillegg til fleire frå Sjømannsforbundet. Vilkåra for sjøfolk og fiskarar er ei viktig sak for Austevoll-samfunnet. Difor har kommunen i samarbeid med Sjømannsforbundet teke initiativ til eit slikt møtepunkt for diskusjon. Alle er hjarteleg velkommen.

STOREBØ NÆRINGS- OG FRITIDSHAMN - FRAMLEGG TIL REVISJON AV REGULERINGSPLAN

Publisert 31.10.2005 11:11

Bruprosjekt til Hundvåkøy sprengjer nye grenser

Publisert 28.10.2005 16:14

DSCF1526.jpgTorsdag 27. oktober kl 12:00 starta eit møysommeleg støypearbeid midt i sundet mellom Indreholmen og Storholmen. Støypearbeidet vert kalla avretting for fundamentet som skal senkast ned på heile 36,8 m. Det har aldri vert gjort støypearbeid innan bruarbeid på så store djupna før i fylgje Tor Arne Thorsen på vegkontoret. 


Satsing på friluftsområder

Publisert 26.10.2005 13:18
Kommunestyret sette ned ei arbeidsgruppe som har fått i oppdrag å sjå på nye friluftsområder i samband med rulleringa av arealdelen til kommuneplanen. Austevoll kommune tar med dette friluftsliv på alvor som ein viktig del av rulleringa av kommuplanen.

Statsekretær frå Austevoll

Publisert 19.10.2005 12:46
Hege Solbakken (Senterpartiet) vart fredag utnevnt til statssekretær i statsråd. Ho vert statssekretær på Statsministeren sitt kontor. Solbakken vert med det den fyrste austevolling som har hatt ein så sentral plassering i ein norsk regjering nokon sinne. Austevoll kommune er glad og stolt over utnevninga og ynskjer lukke til med eit viktig arbeid.

Inga løyving til havbrukstasjonen

Publisert 14.10.2005 15:04

Regjeringa fann ikkje rom til Havbrukstasjonen i framlegget til Statsbudsjett for 2006. - Skuffande, seier ordførar Helge Andre Njåstad.