Alle som har behov for langvarige og koordinerte helse- og sosialtenester har rett til å få tilbod om ei individuell plan som mellom anna skal gje oversyn over kva tiltak og tenester ein vil få.
Dei som meiner dei har rett til slik plan, og som ønskjer å få utarbeidd individuell plan, kan venda seg til den fagavdelinga dei til vanleg har kontakt med.

