Meldingar frå kulturskulen.

Adventskonsertar.

I desember er det klart for dei årlege adventskonsertane med elevane i kulturskulen. Dei aller fleste av musikkelevane speler på desse konsertane, og konsertane er opne for alle som vil kome og høyre på. Det er gratis inngong.

Tid og stad:

6. desember: Austevoll kyrkje, Storebø kl. 18.00 (Tysdag)

7. desember: Hundvåkøy kyrkje, kl. 17.00 (Onsdag)

8. desember: Bekkjarvik kyrkje, kl. 18.00 (Torsdag)

Alle er hjarteleg velkomne!

 

UKM i januar!

Då nærmar det seg Ungdommens kulturmønstring (UKM) igjen, og om kort tid opnar påmeldinga!

Her i Austevoll vert det kulturmønstring siste laurdagen i januar, og alle som vil, eller kanskje vil, vere med bør allereie no begynne å planlegge kva dei vil delta med, om dei vil delta som gruppe eller aleine, osv.

Alle frå 10 til 20 år er velkomne til å delta, og du kan delta på scene, utstilling eller film.

Så her er det berre å hive seg på, anten du vil framføre musikk, dans, drama eller syne fram film, teikningar, maleri, skulptur, eller kanskje noko heilt anna?

Ein kan melde seg både som gruppe og enkeltvis.

Påmeldinga startar 1. desember på UKM sine nettsider, og påmeldingsfristen er 2. januar.

Velkomen til UKM i januar!