Ordføraren

Helge Andre Njåstad er ordførar i Austevoll kommune. Han representerer Framstegspartiet og har vore ordførar sidan 2003.

Helge Andre er opptatt av å vera ein ordførar for alle og for heile Austevoll. Ombodsrolla er ei viktig rolle for han. Det betyr at han er til for innbyggjarane for å hjelpe til med små og store saker. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på eller treng hjelp til.

Ei anna viktig oppgåve for ordføraren er å tale Austevoll si sak uttad og profilere Austevoll-samfunnet på ein positiv måte. Derfor er det ei prioritert oppgåve for ordføraren å presentere kommunen for grupper som vitjar kommunen for turar, kurs, konferansar og liknaden. Er det ynskjeleg med presentasjon av Austevoll på slike tilstellingar ta kontakt.

Ordføraren leiar møtene i kommunestyret og formannskapet og er kommunen sin rettslege representant.

Ordføraren har kontor i kommunehuset og kan treffes der. Ynskjer du eit møte med ordføraren er det berre å ta kontakt for å gjera avtale eller komme innom.

Ta kontakt med ordføraren: helge.njaastad@austevoll.kommune.no eller ring på 55 08 10 10 / 957 97 021.