Kommunane har i personalpolitikken, mellom anna gjennom avtaler med arbeidstakarorganisasjonane, prioritert og lagt vekt på å ha gode pensjons- og forsikringsordningar for sine tilsette.
Reglane om pensjon og forsikring står i Hovudtariffavtalen, som du finn på menyen til venstre. Gruppeliv og ulykkesforsikring er omtalt på side 26 og 27.
Austevoll kommune sine pensjons- og forsikringsselskap er for tida VITAL , KLP og Statens pensjonskasse. Dei tilsette som vil ha meir informasjon om sin framtidige pensjon, kan gå inn på nettsidene ved å klikka på desse lenkjene:
Du vil og finna mykje god informasjon på:
Pensjons- og forsikringsselskapa har og særskilte lånetilbod for kommunalt tilsette. Her er informasjon frå VITAL:
Faktaark Vitalavtale Offentlig Marked (lånebetingelser for medlemer i kommunens pensjonsordning)
Har du spørsmål om pensjonen din kan du først og fremst ta kontakt med VITAL eller KLP.
Elles er Anne Gerd Engelsen ved lønskontoret kommunen sin interne pensjonskontakt.

