Pleie og omsorg

Austevoll kommune tilbyr ulike pleie- og omsorgstenester til dei som treng det i tråd med regelverket i mellom anna sosialtenestelova og kommunehelsetenestelova. Dette gjeld t.d. heimehjelp og praktisk bistand i eigen heim, heimesjukepleie, plass i omsorgsbustad og sjukeheim. Du må gjerne ringe til Austevoll kommune tlf. 55 08 10 00 og be om nærare informasjon. 

På bilete over ser du ein del av Birgit-tunet, som er eit tun med 15 moderne omsorgsbustader og som ligg sentralt på Storebø.