Ei av dei største oppgåvene for Austevoll dei siste tiåra har vore å knyta øyane tettare saman, og å betra kommunikasjonen med omverda.
I 1980 kom den første brua mellom øyane Selbjørn og Huftarøy, mens brua mellom Stolmen og Selbjørn vart ferdigstilt i slutten av 1998. Allereie året etter kom brua mellom Storekalsøy og Hundvåkøy. Brua mellom Hundvåkøy og Huftarøy vart opna 17. november 2007, og med denne på plass er hovudøyane i Austevoll knytte saman!
Hurtigbåt og ferje gjer det enkelt å ferdast sørover og nordover. Innad i kommunen har ein eigen hurtigbåt som fraktar folk til og frå dei ytre øyane.
Kommunikasjon:
Hurtigbåtsamband Flesland kai - Hufthamar (25 min.)
Hurtigbåtsamband Bergen - Hufthamar (50 min.)
Hurtigbåtsamband Stavanger - Hufthamar (3,5 t)
Ferjesamband Krokeide - Hufthamar (40 min.)
Ferjesamband Sandvikvåg/Stord - Husavik (20 min.)
Sjøkart nr. 21
Rutetider finn du her: http://www.austevollforlag.no/?page_id=344

