Informasjon om svineinfluensa til skulane og barnehagane i Austevoll. (Oppdatert pr 28.10.09): Svineinfluensaen har i løpet av den siste veka (43) slått kraftig til i Austevoll, og mange er vekke frå skular og barnehagar.Som det er sagt frå sentralt hald mange gonger, så er sjukdommen heilt ufarleg for nesten alle. For å minka smittepresset i samfunnet, er det viktig at barnehagane og skulane overheld dei generelle smittehindrande tiltaka, og dette gjeld både : I. Dersom nokon blir sjuke med nyoppstått feber, hoste, sår hals og muskelverk, må det reknast som mogeleg influensa, og vedkommande skal ikkje gå i barnehagen/skulen og ikkje på jobb, og skal vera vekke frå barnehagen/skulen i ei veke frå sjukdommen begynte. II. Dei som hentar og bringer i barnehagen skal ikkje sjølv vera sjuke III. God hostehygiene (større barn og vaksne)
Host eller nys i albogekroken eller bruk eingongs papirhandduk som vert kasta etter bruk, for å verna andre mot smitte.
IV. God handhygiene
Vask hendene godt og ofte, særleg når du har vore ute og før du et. Vask med vatn og såpe er godt nok, men kan erstattast med desinfeksjonsmiddel m/sprit når du ikkje har høve til å vaska hendene på annan måte. Desinfeksjonsmiddel med sprit får du kjøpt på apotek, og smittevernlegen har bede medisinutsala i Austevoll om å ta det inn i vareutvalet.
Sverre Rørtveit, smittevernlege

Informasjon om svineinfluensa til skulane og barnehagane i Austevoll.

Det er enno ikkje (per 3. august 2009) nokon oppblomstring av svineinfluensa i Austevoll. Helsestyresmaktene reknar ikkje med ein kraftig utvikling dei aller første vekene, men dei reknar det som ganske sikkert at me får ein heftig epidemi, med sjukdom hos 10-30% av befokninga, ein gong i løpet av hausten.Som det er sagt frå sentralt hald mange gonger, så er sjukdommen heilt ufarleg for nesten alle.

Sidan ungar og ungdom lett smittar kvarandre, er det godt mogeleg at barnehagane og skulane vil bli kraftigare påvirka, med fleire sjuke på same tid, enn andre delar av samfunnet. For å minka smittepresset i samfunnet, er det viktig at barnehagane og skulane overheld dei generelle smittehindrande tiltaka, og dette gjeld både :

I. Dersom nokon blir sjuke med nyoppstått feber, hoste, sår hals og muskelverk, må det reknast som mogeleg influensa, og vedkommande skal ikkje gå i barnehagen/skulen og ikkje på jobb, og skal vera vekke frå barnehagen/skulen i ei veke frå sjukdommen begynte.

II. Dei som hentar og bringer i barnehagen skal ikkje sjølv vera sjuke

III. God hostehygiene (større barn og vaksne)