Søkje elevplass i kulturskulen?

Søknadsfrist for elevplass i kulturskulen er kvart år 1. april.
Ein kan likevel søkje kva tid som helst då det kan vere ledige plassar.
Dersom ein søkjer og får elevplass, er søknaden bindande for eit skuleår, og plassen kan sidan fornyast for eit år om gongen.
Elevkontingent i Austevoll kulturskule, vedtak i kommunestyret 12.12. 2011:
Ordinær: Kr. 3785.- for eit skuleår.
Syskenmoderasjon: 25%
Gruppestorleik 6 - 10: Kr. 2380.- for eit skuleår. (Denne prisen gjeld for teikning/maling.)
Gruppestorleik over 10: Kr. 1730.- for eit skuleår. (Denne prisen gjeld for dans.)
Eg har lese og godteke det som står ovanfor, og ynskjer å søkje om elevplass:
For å søkje elektronisk, Klikk her! (Elektronisk søknadsskjema.)
For utskrift av søknadsskjema på papir, Klikk her! (Søknadsskjema for utskrift.)