Velkommen til Austevoll

Me veit at svært mange ynskjer å bli austevollingar, antan som fastbuande eller som ferierande delar av året. Velkomne skal de uansett vera.

Det er ei hovudoppgåve for kommunen å leggja tilhøva til rette for at dei som ynskjer å byggja seg hus eller fritidshus i kommunen skal få det til på ein enkel og grei måte. Kommunen ynskjer å vera ein lagspelar på veg mot realisering av hus- eller hyttedraumen.

Me ynskjer derfor på denne nettsida å ha ein oversikt over dei prosjekt som er i kommunen når det gjeld regulerte (planlagte) område for bustad -og fritidshus. I tillegg til desse områda er det også fleire område der det er mogleg å byggje spreidd.

På sidene vil du finne kontaktinformasjon på kvart område. I tillegg stiller sjølvsagt me i kommunen også opp for å hjelpe til. Ta kontakt med oss.

Med helsing

Helge Andre Njåstad
ordførar

Oversikt over aktuelle tomtar for fritidshus rev_05.10.pdf (1mb)

Regulerte bustadfelt og bustadfelt under planlegging i Austevoll rev_10012011.pdf (124kb)