Administrativ leiing:


Skulesjef
Liv Margareth Østervold

Det er 722 elevar i grunnskulen og 183 gjer seg nytte av kulturskuletilbodet.

Vi har no berre ein kommunal barnehage med 37 heile plassar. Vi har 8 private barnehagar med 255 heile plassar.

Det kommunale skuleverket har også ansvaret for vaksenopplæring utover det vidaregåande skuletilbodet og norsk med samfunnsfag for innvandrarar.

Ved PP-tenesta arbeider 1 logoped og ein førskulelærar i samla 1,2 årsverk og det vert innkjøpt psykologtenester tilsvarande 0,5 årsverk.

Janfrid Strømme er pedagogisk konsulent og har hovudansvar for barnehagar og pedagogisk utviklingsarbeid.

Skulesjef Liv Margareth Østervold har det overordna ansvaret for skuleverket og alt innan kultur og idrett i Austevoll.

KONTAKT OSS:

SKULESJEF: tlf 55081202

e-post: liv-margareth.ostervold@austevoll.kommune.no

PEDAGOGISK KONSULENT: tlf 55081203

e-post: janfrid.stromme@austevoll.kommune.no

Viktige framtidsmål:

  • Skulefritidsordning som tilbod til alle.
  • Organisera og leggja til rette for å gjera skuledagen til elevane meir lik den kvardagen dei vil møta i arbeidslivet.
  • Gje barn og unge fleire fritidstilbod.
  • Satsa på bibliotekteneste og informasjonsteknologi.
  • Lokalt utviklingsarbeid; kystkultur, lokalhistorie, elevverksemder m.m.
  • Satsa endå sterkare på IKT som pedagogisk verkty.