Austevoll kommune

Sommarturar i Austevoll

fredag 22. juni 2018 - onsdag 22. august 2018, Heile dagen

Informasjon

Tre gode venar med full fart mot Inger-Anne-løypa. - Klikk for stort bileteTre gode venar med full fart mot Inger-Anne-løypa. Regina Njåstad Vestrheim

Gjennom sommarferien kan både fastbuande og tilreisande vera med på å samle klipp og turopplevingar.

Me har valgt ut seks fine kvardagsturar som er spredd utover heile kommunen vår. Dette er seks fine turar som me er stolte av og som me tenker viser fram at Austevoll er ein flott kommune å gå tur i.

  • Mjuken på Storekalsøy
  • Skiparvikaløypo i Kolbeinsvik
  • Inger-Anne-løypa på Storebø
  • Loddo på Huftarøy
  • Kaldsundholmen på Blænes
  • Såto på Stolmen

Besøk desse turløypene i sommar. Ved kvart turmål finn du ei klippetang som du klipper turkortet ditt med. Når du har vore på alle sommarturane leverer du kortet i 2. etasje på kommunehuset på Storebøportalen. Der vil du få ein deltakarpremie (levér inn ferdigklipt kort innan 22.august). Bruk #austevollturlag om du legg ut bilete i sosiale medier.

Les meir om årets sommarturar på Austevoll turlags nettside.

Pris vaksen: 0

https://austevoll.dnt.no/

Stad

Austevoll
 

Kontakt

Austevoll turlag
 

Regina Njåstad Vestrheim
Legg til hendinga i din kalender
Fant du det du leita etter?