Austevoll kommune

Karrieredag i Austevoll 2020

torsdag 16. januar 2020, 09.30 - 20.00

Informasjon

Austevoll næringsråd og Opplæringskontoret i Austevoll arrangerer 16. januar 2020 i tett samarbeid med MOT Austevoll, Austevoll ungdomsskule og Austevoll vidaregåande skule årets karrieredag for elevar og studentar i Austevoll!

Program for dagen i Austevollhallen

Opning kl. 09.30

Velkomen og foredrag kl. 10.45

Ordførar Morten Storebø ynskjer gruppe 1 velkomen til Austevollhallen og karrieredag

Foredrag 1 «Lær å mobbe»: Tor Arne Johnsen

Lunsj kl. 11.45

Lunsj for elevar, foreldre og utstillarar, det blir servert deilig lapskaus med tilbehør.

Velkomen og foredrag kl. 12.15

Ordførar Morten Storebø ynskjer gruppe 2 velkomen til Austevollhallen og karrieredag

Foredrag 2 «Lær å mobbe»: Tor Arne Johnsen 
 

Under heile arrangementet i Austevollhallen vil bedriftane stå på  stand og presentere seg og yrka i bedriften.

Det blir ulike konkurransar med flotte premiar.

Me oppmodar foreldre til å kome på arrangementet og sette seg inn i dei ulike tilboda og vala elevene står ovanfor.

Det vert og halde eit foredrag kl 18:00 som er ope for alle.

Klikk for stort bilete  Klikk for stort bilete  Klikk for stort bilete       

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Stad

Austevollhallen
 

Kontakt

Austevoll næringsråd
 

Solbjørg Sørvik Blix
Legg til hendinga i din kalender