Austevoll kommune

Foredrag om Olav H. Hauges diktarverd

torsdag 12. november 2020, 18.00 - 19.00

Informasjon

Austevollingen Stein A. Hevrøy arbeider som konservator ved Haugesenteret. Han kjem til folkebiblioteket for å halda føredrag om den kjende poeten frå Hardanger.

Kvifor er "Det er den draumen" eit så populært dikt? Kven er "Laertes" i diktet der Hauge seier at "det gjeng an å leva i kvardagen óg"? I dette foredraget gjev Stein A. Hevrøy ulike inngangar til Olav H. Hauges diktarverd.

Dette Hauge-arrangementet var planlagd i vår, men så kom korona og nedstenging av biblioteket. No vil me ta opp att denne tråden. Arrangementet er eit samarbeid mellom Austevoll folkebibliotek og Austevoll mållag.

Biblioteket vil ha fokus på smittevernreglar og vil registrera alle gjestene som kjem.

For vaksne.
Gratis adgang.

Pris vaksen: 0

Stad

Austevoll folkebibliotek
 

Kontakt

Austevoll folkebibliotek
Postboks 64,  5399 Bekkjarvik

Tlf.: 55081210

E-post : folkebiblioteket@austevoll.kommune.no

Nettstad: https://www.austevollbibliotek.no/

Odd H. Opdal
Legg til hendinga i din kalender