Austevoll kommune

Kulturmessa 2019 startar på Storebø!

laurdag 9. mars 2019 11.00 - søndag 10. mars 2019 19.00

Informasjon

9.-10. mars vert det arrangert kulturmesse i Austevoll.
Kulturmessa opnar 9.mars kl.11, og i løpet av dei 4 påfølgjande timane kan du prøve ut fleire av dei ulike kulturktivitetane Austevoll har å by på!
 

Det vert kulturscene med ulike opptreden og sjølvsagt kulturkafè der du kan få påfyll av mat og drikke samstundes som du kan nyte ulike kulturinnslag og slå av ein prat med små og store kulturinteresserte.
Dei som deltek med kunst til UKM, vil ha utstilling under heile messa.

- Lurer du på korleis det er å spele i band?
- Vil du prøve å vere del av eit kor?
- Ynskjer du å skrive din eigen låt?
- Eller lurer du på om korps er noko for deg?

Kom til Storebø skule og prøv!
Meir informasjon om ulike workshop kjem, med namn på instruktørar som vert med :)

Søndag 10.mars er det klart for hovudframsyninga på kulturmessa, som er kombinert med UKM.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Austevoll musikkråd, KDV skulekorps og kulturskulen. Men viktigst av alt, så er mange dyktige ungommar i Austevoll med som arrangørar, instruktørar og inspiratorar denne dagen!

Stad

Kultursalen, Storebø skule
 

Kontakt

Kulturskulen/KDV/Austevoll Musikkråd
 

Legg til hendinga i din kalender
Fann du det du leita etter?