Gratis seniortur! Teaterstykket «Telavåg» i Bergen.

tysdag 24. mai 2022, 15.30 - 22.15

Informasjon

Austevoll kommune har gleda av å arrangere ein fellestur for seniorar (alder 70+) til Bergen for å gå på teater, tysdag den 24. mai.  

Forestillinga «Telavåg» blir spelt i Gestapohuset i Veiten 3 i Bergen sentrum. Teaterstykket handlar om Telavåg-tragedien i 1942, fortald gjennom vitnesbyrda til dei som opplevde det. 

Du finn informasjon om stykket her: https://www.detvestnorsketeateret.no/pa-scenen/telavaag  

Teaterbillett og busstur tur retur frå Hufthamar til Bergen sentrum er gratis. Deltakarane må sjølv ordna med skyss til og frå Hufthamar.  

Det blir arrangert eit felles måltid i Bergen, for dei som ønsker det. Vi bestiller bord på ein restaurant i nærleiken av teateret og et før vi ser forestillinga. Dette er frivillig, og du må betala for måltidet sjølv på restauranten.

 Slik er planen for turen: 

kl. 15.30 - Frammøtestad er venteskuret på Hufthamar og vi går saman inn på ferja.  

 kl. 15.40 - Ferje frå Hufthamar 

kl. 16.30 - Leigd felles buss frå Krokeide til Bergen sentrum 

kl. 17.00 - Restaurantbesøk (frivillig del med eigenbetaling) 

kl. 18.40 - Vi møtest utanfor Gestapohuset i Veiten 3 og går inn saman.  

kl. 19.00 - Forestillinga startar (varer i 90 min) 

kl. 21.00 - Heimreise: Leigd felles buss frå Bergen sentrum til Krokeide 

kl. 21.40 - Ferje frå Krokeide 

kl. 22.15 - Avstiging på Hufthamar. Det er ikkje felles transport vidare frå Hufthamar

Deltakinga krev påmelding. Det er avgrensa tal på plassar og førstemann til mølla gjeld! 

TUREN ER FULLBOOKA!

Vi ber om at påmeldte gir beskjed dersom dei blir hindra frå å delta, slik at andre eventuelt kan få plassen.  

Om det er spørsmål, ta kontakt på telefon 92 08 79 66 

NB: Når du melder deg på er det viktig å krysse av dersom du ønsker å vera med på restaurantbesøket med eigenbetaling. 

Vi gler oss til kultur-tur! 

Arrangementet er en del av ordninga Den kulturelle spaserstokken. 

Stad

Gestapohuset, Veiten 3, Bergen
 

Kontakt

Austevoll kommune
 

Legg til hendinga i din kalender