Austevoll kommune

Seniorkveld med Hans Sande

torsdag 6. oktober 2022, 18.00 - 19.00

Informasjon

Hans Sande har lang fartstid som forfattar. Han debuterte i 1969 med diktsamlinga Strime som han vann Tarjei Vesaas sin debutantpris for. Til saman over 50 skjønnlitterære bøker; dikt, noveller, romanar og barnebøker i alle kategoriar. Blant dei mest kjende bøkene er: Romanen Slepe rundt på døde dyr, om ein hjelpepleiar ved Valens sjukehus sitt møte med diktarhovdingen frå Ulvik.

No kjem Sande til biblioteket i regi av Den kulturelle spaserstokken (DKSS) for å gje seniorar ei god kulturoppleving.

Hans Sande har skrive nokre ord om kva me kan forventa av forfattartreffet:
«Eg kom til Storebø i 1961, då han far vart sokneprest i Austevoll. Eg har tenkt å lese dikt og fortelje eit par sannferdige skrøner frå den tida. Då eg sat på eit le og venta på at den altfor høge kjærasten min skulle kome ut og omfamne meg. Om korleis eg til slutt klarte å vekse opp i Austevoll ved hjelp av Gud og ein god kamerat. Om då eg begynte å tvile på trua og tru på tvilen. Om hemmelege skogkyss, naturglede og natursorg, og korleis eg øver meg i kunsten å somle. Om skaparglede og skrivegalskap. Kor kjem dikta frå, og kor lang tid tek det å skrive eit dikt? Skal eg snakke om farskapssaka? Jau då, like før eg fylte sytti fekk eg ein ny far. Men han sa ikkje eit ord om det, han heller, og no er han daud han og. Slik vart eg farlaus for andre gong. Eg vil også snakke om korleis eg prøver å ta forfallet inn over meg, medan det framleis boblar i knollen. Og om
HØGDESKREKK
Ospelauva skjelv natt og dag
heilt frå tidleg sommar til langt utpå hausten
livredde for å falle
Endeleg misser dei taket
eitt for eitt
sigler gjennom lufta
landar mjukt på skogbotnen
fell til ro
og blir til mold
Verre var det ikkje»

Stad

Austevoll folkebibliotek
 

Kontakt

Austevoll folkebibliotek
Postboks 64,  5399 Bekkjarvik

Tlf.: 55081210

E-post : folkebiblioteket@austevoll.kommune.no

Nettstad: https://www.austevollbibliotek.no/

Odd H. Opdal
Legg til hendinga i din kalender