Austevoll kommune

Juleframsyning

torsdag 10. november 2022, 18.00 - 19.00

Informasjon

Familieforestilling.

Nora er ni år. Ho gler seg til jul, men gruar seg óg. Mamma ligg på sjukehus. Ho treng eit nytt hjarte for å bli frisk. Nora er redd for at mamma ikkje vil kjenne henne att med eit anna hjarte enn sitt eige. Farmor veit om ein magisk juletreskog. Saman med farmor og pappa finn Nora det perfekte juletreet. Og då, akkurat då, fer eit stjerneskot over himmelen!

Line Dybedal les frå boka si "Eit hjarte til jul", syng og akkompagnerer seg sjølv på piano saman med gitarist Mathias Marstrander. Line Renslebråten sine illustrasjonar frå boka blir viste i stort format.

Framsyninga høver godt for barn 5+ i følgje med vaksne. Yngre barn går også om dei er i følgje med vaksne. Gratis adgang.

Eit tilbod frå Nynorsk kultursentrum med midlar frå Vestland fylkeskommune.

Pris vaksen: 0

Stad

Austevoll folkebibliotek
 

Kontakt

Austevoll folkebibliotek
Postboks 64,  5399 Bekkjarvik

Tlf.: 55081210

E-post : folkebiblioteket@austevoll.kommune.no

Nettstad: https://www.austevollbibliotek.no/

Laila E. R. Årland
Legg til hendinga i din kalender