Austevoll kommune

Historia om nothengjene - kystens katedralar

måndag 27. mars 2023, 17.00 - 19.00

Informasjon

Ein gong var det kanskje 1000 høgreiste og langstrakte nothengjer langs kysten vår – landemerke. Dei var heilt naudsynte for å tørke garn og nøter laga av naturfiber – frå rundt 1900 til nylon overtok på 1960-tallet. I dag er dei fleste borte, berre 55 står att.

Arne Blix har brukt fleire år på å studere notheng-historia. Leita i mange arkiv, reist kysten rundt fleire gonger, snakka med dei som jobba i dei flotte byggverka og sjølv rekonstruert eit stort heng på kysten av Trøndelag.

No er historia skriven og utgjeve i bokform på Museumsforlaget. Arne Blix vart fødd i Lyngen i 1954 og vaks som barn opp i Nesseby i Finnmark. Seinare flytta han til Tromsø og sidan 1978 har han bodd i Trondheim.  Han har jobba som journalist heile yrkeslivet sjølv om han er utdanna jurist, og er no pensjonist.

Som pensjonist har Arne mellom anna gjenreist eit stort notheng på ein liten holme på kysten av Trøndelag og som del av dette avlagt fageksamen i tømmerfag. No kjem han til Austevoll og vil snakka om historia om nothengjene, men og om hengjene som kulturminne og inspirasjon for nye bygg i strandlinja, til dømes som leikeplass og sosial møteplass.

Dette arrangementet har kome i stand i samarbeid med Austevoll historielag.

Pris vaksen: 0

Stad

Austevoll folkebibliotek
 

Kontakt

Austevoll Historielag
 

Kristin Magnussen

Mobil : 95902586

Legg til hendinga i din kalender