Austevoll kommune

Ope oppstartmøte - App for synleggjering av kulturminne

tysdag 18. september 2018, 17.30 - 19.00

Informasjon

Austevoll kommune samarbeider med Maritime Bergen og Bergen Sjøfartsmuseum om vidareutvikling av appen Maritim byvandring.
Appen skal bytte namn til maritim vandring, og det skal utarbeidast ruter for Austevoll. Med dette får Austevoll kommune synleggjort lokale kulturminne på ein moderne digital plattform.

Austevoll sin kulturminneplan vert eit viktig grunnlagsdokument for dette arbeidet, men vi treng din hjelp til å gjøre denne appen interessant for fastbuande og tilreisande. Vi bør og sjå på moglegheiter for samarbeid med- og synleggjering av lokalt næringsliv. Fiskeri og reiseliv er stikkord her.

Vi inviterer difor til opent oppstartmøte for dette prosjektet på Austevoll folkebibliotek i Bekkjarvik tysdag 18. september kl. 17.30.
Agenda:

  • Presentasjon av konseptet
    • Korleis er denne appen i dag?
    • Korleis kan vi formidle viktige kulturminne og interessante historier frå Austevoll?
  • Rammar: Teknisk, struktur, framdriftsplan
  • Korleis vert arbeidet organisert?
    • Samarbeid mellom Austevoll kommune, Maritime Bergen og Bergen Sjøfartsmuseum
    • Samarbeid med skulane og frivilligheita
    • Samarbeid med- og synleggjering av lokalt næringsliv
  • Eventuelt

Stad

Austevoll folkebibliotek
 

Kontakt

Austevoll kommune
 

Legg til hendinga i din kalender
Fant du det du leita etter?