Meistringsforedrag med Michael Jørgensen og Yngvar Andersen

måndag 27. mars 2017, 18:00

Informasjon

Yngvar Andersen  er mannen som de siste ti åra har smilt, trent og gjort trening og ein sunn livsstil både fristande og enkelt. Han er kjent som NRK Puls sin treningsekspert, og er stadig å  sjå  i media. Han har ein enkel, tydeleg, ærlig og humørfylt måte å kommunisere på. Me gler oss til ei treningsøkt  ilag med han inne i hallen. Michael Jørgensen jobbar i Olympiatoppen som mental coach for våre beste internasjonale utøvere. Han motiverer og inspirerer deg til å nå måla dine innan jobb, utdanning eller trening, ved hjelp av enkle metodar. Han presenterer "Good to Great"-verktøyet.

Arrangementet vert todelt der me får eit foredrag i auditoriumet/musikkrommet med Michael Jørgensen i ca. 50 minutt og ei praktisk orientert økt med Yngvar i hallen. Husk klede til å bevege deg i,  gode joggesko og drikkeflaske.

Privatpersoner eller bedrifter kan ta kontakt med Regina N. Vestrheim på 924 57 236 eller regina@austevoll.kommune.no  for spørsmål eller påmelding. Pris pr. person er kr 200, betaling skjer i døra eller evt. via faktura for bedrifter.

Håper det er mange som har lyst på ein morasam og inspirerande kveld i Austevollshallen.

Hjarteleg velkomen!

 

Anne Berith

Regina

Austevoll idrettsklubb

Austevoll kommune

 

Stad

Austevollhallen
 

Kontakt

Austevoll kommune
 

URL: http://www.austevoll.kommune.no

Ansvarleg

Regina Njåstad
 

Legg til hendinga i din kalender

Det skjer

Filter

Søk

Austevoll kommune

 
 
 
 
 
 
 


Viktige telefonnummer:
Servicekontor: 55 08 10 00
Legekontor: 55 08 10 50
Legevakt: 116 117
Heimetenesta: 55 08 15 81
Jordmor: 90 25 81 69
BRANN: 110
AMBULANSE: 113
POLITI: 112

Austevoll på Facebook:

Levert av ACOS AS