Lær å spela Pokémon-kortspel
tysdag 26. september 2023, 16.00 - 18.00
Informasjon
Mange har Pokémon-kort, men ikkje alle veit korleis dei skal spela med dei. – Det er eit veldig morosamt spel, nesten som å spela sjakk med 60 brikkar, seier barne- og ungdomsbibliotekar Ketil Reigstad, som har vore med i norgesmeisterskapen i Pokémon TCG.
Me har tre ferdige kortstokkar som er klare til å spela med, og Ketil vil læra deg korleis du kan slå ut motstandarane dine og vinna spelet. Du kan òg ta med di eiga samling og få hjelp til å bygga din eigen stokk (eller “deck”, som det kallast). Og kanskje nokon vil bytta kort med deg?
I tillegg vil Kristian Bertin Klepsvik Økland setta opp fleire av sine eigne Pokémon-dataspel på skjermane våre som du kan få prøva.
Kontakt
Austevoll folkebibliotek
Postboks 64,
5399 Bekkjarvik
Tlf.: 55081210
E-post : folkebiblioteket@austevoll.kommune.no
Nettstad: https://www.austevollbibliotek.no/
Ketil Reigstad
Legg til hendinga i din kalender