Austevoll kommune

Bokpub i Drengastova

fredag 15. februar 2019, 19.00 - 21.00

Informasjon

"Kvifor er det så vanskeleg å akseptere at foreldra våre, dei som alltid har vore sterke og ansvarsfulle, plutseleg skal bli gamle? Er det fordi vi sjølv må innsjå at vi for alvor har blitt vaksne?"

Vår heilt eigen Kjartan Brügger Bjånesøy har igjen teke pennen fatt, og skrive ei lita perle av ei bok. "Kjære pappa. Vi er andre menn no" er eit varmt portrett av ein familie og ei klok bok om tida som går og om det å gå inn i nye livsfasar. Boka er full av kjærleik, humor, nostalgi og sjølvironi, og er verkeleg verdt å lesa.

Kom på bokpub og høyr forfattaren sjølv fortella frå boka si med god hjelp frå altmulegmann, kompis og i dette tilfellet bokbadar, Svein Arne Kalvenes. I tillegg til bokbad blir det gode tonar frå Bjørn Kristian Bjånesøy og Sondre Reinlund Bjånesøy, medan Henrik Vaage og Tor Eirik Tøkje stemmer opp med litt Kleppevik og diverse anna.

Det vert inngangsbillett på kr 100,- der pengane vil gå til Austevoll demensforening.

Drengastova er open som vanleg etter arrangementet, så her kan ein dra ut ein fin kveld! Velkomen!

Pris vaksen: 100

Stad

Drengastova, Storebø.
 

Kontakt

Austevoll Frivilligsentral
 

Legg til hendinga i din kalender
Fann du det du leita etter?