Austevoll kommune

Årets sommarkonsert: Dance With A Stranger

fredag 20. juli 2018, 20.00 - 23.00

Informasjon

Den store norske popsuksessen Dance With A Stranger blei stifta i 1984, og hentar inspirasjon fra blues og jazz, soul, rock og pop.

Bandet slo igjennom med låta ”Everyone needs a friend” som blei framført første gang under Spellemannshowet i 1988, og som umiddelbart blei ein radiohit. Bandet har mottatt tre Spellemannspriser, og kåra til årets spellemann i 1991. Dance With A Stranger opplevde ei eventyrleg karriere. Frode har skrivet alle låtene til bandet, og fleire av dei føyer seg pent inn i rekka blant dei store norske popklassikerne.

Etter fleire pausar opp gjennom har bandet hatt fleire comeback, og kvar gang har gleda og energien over å spele live kome tilbake!

Den 20. juli 2018 kjem herrane Øivind "Elg" Elgenes, Frode Alnæs og Bjørn Jenssen samAn med tre musikarar til Bekkjarvik, i ei frisk og vitalisert utgåve!

Her vil ein få hitar som "Everyone Needs a Friend", "The Invisible Man", "Dance With A Stranger" og fleire av dei meir ukjente låtene i ”ny” innpakking.

Området opnar: 19.00
Konsertstart: 20.00
Dans på Bekkjarvik Gjestgiveri etter konsert.

Gjer klar dansefoten, og ta med deg venar og familie for ein nydeleg sommarkveld i Bekkjarvik!

Billettar finn du på Ticketco

Stad

Bekkjarvik hamn
5397 Bekkjarvik

Kontakt

Bekkjarvik gjestgiveri
 

Legg til hendinga i din kalender
Fant du det du leita etter?