Austevoll kommune

1.-4. trinn på skulane opnar måndag 27. april

Undervisninga på skulen for 1.-4. trinn blir tatt opp igjen frå måndag 27. april. 

Plikta om å møte på skulen gjeld ikkje for:

  • Barn i risikogruppa
  • Barn som lever sammen med familie i risikogrupper

Elevar på 5.-10. trinn held fram med heimeundervisning, og barn med særskilte omsorgsbehov skal følgjast opp og kan møte på skulen.
 
Skulane er godt i gang med plan for gjenopning av skulen. Informasjon til elevar og føresette skal varetakast, og opplæring av tilsette vil bli gjennomført. Det blir samarbeida med Skyss for å sikra forsvarleg skuleskyss.