Austevoll kommune

1,45 millionar kroner til lag og foreiningar

Formannskapet fordelte i dag ekstrapengar til bygdahus og lokalmiljøtiltak, og dekking av inntektsbortfall for lag og foreiningar.

Austevoll formannskap haldt i ettermiddag ekstramøte for å fordele pengar til lag og foreiningar. I juni vedtok kommunestyret at 1,25 millionar kroner skal gå til bygdahus og lokalmiljøtiltak, og 200.000 kroner som bidrag til lag og foreiningar som har mista viktige inntekter på grunn av koronasituasjonen.

Bygdahus- og lokalmiljøpotten

Målet med tilskotsordninga er å gjennomføre gode lokalmiljøtiltak, og bidra til kjøp av varer og tenester hos lokale leverandørar. 

Det kom inn 19 søknader og til saman blei det søkt om knappe 4 millionar kroner. Det var 1,25 millionar kroner til fordeling og formannskapet innvilga 9 søknader

  • Grendahus Øytun - kr 70.000
  • Hevrøy vel - kr 30.000
  • Hundvåkøy samfunnshus vel - kr 270.000
  • Kolbeinsvik vel - kr 225.000
  • Haukanes og Bjelland grendalag - kr 100.000
  • Selbjørn idrettslag - kr 200.000
  • Fagerbakke velforeining - kr 15.000
  • Drøna og Rostøy bygdelag - kr 40.000
  • Austevoll idrettsklubb - kr 300.000

Vedtaket var eit fellesforslag frå alle partia i formannskapet og blei einstemmig vedtatt.

Formannskapet vedtok også at det er positiv til søknadane frå Storebø vel og Austevoll hundeklubb, og at desse prosjekta skal behandlast som eigne saker i haust.

Det blei vidare vedtatt at dei søknadane som ikkje blei innvilga skal leggjast ved budsjettsaka. Dette gjer det mogleg for partia å vurdere å støtte tiltak i samband med budsjettarbeidet.

Dekking av bortfall av inntekter

Mange lag og foreiningar får viktige inntekter frå arrangement som dei gjennomfører i løpet av året, som 17. mai-feiring og basarar. Kommunestyret har ønskt å bidra med dekking av inntektsbortfall, og sette av 200.000 kroner til dette i sitt møte i juni. 

Formannskapet fordelte i dag pengane. Det var kome inn 11 søknader, og alle blei innvilga med følgjande beløp:

  • Stolmen vel - kr 24.214
  • 17. mai-komiteen på Hundvåkøy - kr 21.792
  • Kolbeinsvik vel - kr 20.339
  • Grendahus Øytun - kr 9.685
  • Selbjørn idrettslag - kr 16.949
  • Vinnesvåg velforening - kr 31.720
  • Austevoll idrettsklubb - kr 35.352
  • Austevoll Røde Kors - kr 8.475
  • Møkster velforening - kr 7.264
  • Austevoll husflidslag - kr 24.214

Vedtaket var eit fellesforslag frå alle partia i formannskapet og blei einstemmig vedtatt.

Kommunale småinnkjøp

Formannskapet fordelte også 438.000 kroner til kommunale einingar. Her var det også gjennomført ein søknadsprosess. Midlane skal gå til innkjøp av varer og tenester hos lokale leverandørar.

Følgjande midlar blei fordelt:

  • Eidsbøen bufellesskap - kr 100.000
  • Storebø skule (SFO) - kr 30.000
  • Austevoll pleie- og omsorgssenter - kr 100.000
  • Austevoll kommunehuset - kr 25.000
  • Jordmor- og helsestasjon - kr 40.000
  • NAV - kr 18.000
  • Barneverntenesta - kr 25.000
  • Austevoll ungdomsskule - kr 100.000

Vedtaket var eit fellesforslag frå Høgre og Arbeidarpartiet og blei vedtatt med seks stemmer.

Framstegspartiet fremja følgjande forslag, som fekk tre stemmer:

  • Eidsbøen bufellesskap - kr 100.000
  • Storebø skule (uteområde) - kr 100.000
  • Austevoll pleie- og omsorgssenter - kr 50.000
  • Austevollbadet - kr 70.000
  • Brannstasjonen - kr 36.000
  • Austevoll folkebibliotek - kr 44.000
  • Austevoll ungdomsskule - kr 100.000

Også i denne saka vedtok formannskap å ta med seg tiltak som ikkje fekk pengar i denne omgang, inn i budsjettarbeidet.