Austevoll kommune

17. mai i Austevoll

Årets 17. mai-feiring blir annleis, men med så mykje kreativitet og engasjement ser det ut som me får ei flott feiring likevel. På denne sida samlar me innslag og informasjon om 17. mai i Austevoll 2020.

Festruta: Bilkortesje frå Storakalsøy til Stolmen

Klikk for stort bileteFestruta køyrer gjennom dei fleste bygder på Storakalsøy, Hundvåkøy, Huftarøy, Selbjørn og Stolmen. Hels på festruta langs vegen. I år er det lov å breie seg litt og halde avstand til andre når du står i vegkanten. 

Følg 17. mai-feiringa på Facebook

På 17. mai-komiteanes Facebook-gruppe kan du følgje med på feiringa rundt omkring i kommunen. Her blir taler og bilde lagt ut.

Bli med i 17. mai-gruppa på Facebook

Kolbeinsvikrevyen sine tips til tradisjonsrike 17. mai-leikar

Klikk for stort bilete    Sjå filmen

Leik og konkurransar er ein viktig del av den norske 17. mai-feiringa. Kolbeinsvikrevyen gir sitt gode bidrag til årets annleis-feiring med tips til korleis du kan gjennomføre 17. mai-leikar i din eigen heim og hage.

 

Her finn du program frå ulike bygder:

 

 

 

 

Kransnedlegging Storebø kyrkje 

Dei falne under 2.verdskrig

Tale for dagen frå ungdommen, Agnes Hagen

Barnesong 1. og 2. trinn, Storebø skule

Barnesong 3. og 4. trinn, Storebø skule
 

Klikk for stort bilete   Helsing frå vaksenopplæringa