Austevoll kommune

190 testa så langt i år

Sidan nyttår er 190 personar testa for korona og det er førebels ingen som er smitta i Austevoll.

Pr. 11. januar er det ingen i Austevoll som har påvist korona.

I løpet av dei første dagane i 2021 er det gjennomført mange testar, til saman er det 190 personar som er testa for viruset.

Testkapasiteten i Austevoll er god. Ønskjer du test er det likevel viktig at du tar kontakt med kommunen på førehand, slik at ein kan førebu testinga av deg. 

Ta kontakt med koronatelefon på 966 25 320 for å avtale testing.

Det kan innimellom vere stor pågang, men me forsøker å ringe opp igjen til dei som ikkje fekk svar.

På Helsenorge.no kan du lese meir om koronaviruset og testing.