Austevoll kommune

69 utrykkingar til nattbrannar i Hordaland

Seks gongar i månaden byrjar ein bustad å brenne midt på natta i Hordaland.
No står brannhøgtida for døra igjen.

Brannvesenet i Hordaland rykte ut til 69 bustadbrannar mellom kl 23 og 07 i fjor. Det blir eit gjennomsnitt på nesten seks nattbrannar kvar einaste månad - heile året igjennom - berre i fylket vårt. No bed brannvesenet om at alle sjekkar røykvarslaren ved inngangen til årets mest brannfarlege månader.

- Når det brenn, er kvart sekund avgjerande. Ein overlever ikkje lenge i ein bustad som raskt fyllest opp av røyk, så ein er heilt avhengig av tidleg varsling for å redde seg sjølv og dei ein bur saman med.

Byt batteri i røykvarslaren
Alle bustader skal ha røykvarslarar eller brannalarmanlegg, og du må ha minst éin varslar i kvar etasje. Alarmen skal kunne høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom, også når døra mellom romma er lukka.

- Ein fungerande røykvarslar er vaken og følgjer med, også når du søv. Sjå til at du går brannsesongen i møte med nye batteri, og kontroller at du høyrer varslaren godt.

Klikk for stort bilete 

Desember og januar mest brannfarleg
Desember og januar er dei mest hektiske månadene i året for brannvesenet i Noreg.

Vi trekkjer innandørs, fyrar i peisen, lagar feit mat på komfyren, tenner lys og ikkje minst – drikk meir alkohol. Denne kombinasjonen er direkte brannfarleg.

roykvarslerdagen.no finn du nyttig informasjon om tiltak som betrar branntryggleiken.

Lokalt brannvesen vil de neste dagane saman med representanter frå Austevoll kraftlag besøke tilfeldige boligar i kommunenen og bidra med en enkel kontroll av røykvarsler/slukkeutstyr og sjå over det elektriske i huset. Det er heilt frivillig delta i denne kampanjen.

Ynskjer du besøk ta gjerne kontakt.

Kontaktperson Austevoll brann- og redning:
Kato Veivåg- Brannmeister Tlf:90 84 84 98