Austevoll kommune

Rådmannen utset etablering av bustadmodular for personar med rusproblem. – Saka er viktig og har skapt eit stort engasjement. Derfor skal ho saksutgreiast vidare og vere gjenstand for ein breiare debatt, seier rådmann Bjarte Madsen.

Til no har NRK TV-aksjonen, som i år går til Kirkens bymisjon, samla inn kr 553 274,- i Austevoll. Me har klatra opp på lista, og ligg no som nummer 3 i Hordaland.
SAMAN har vi slått alle rekordar!

 

Er du førebudd? Kva gjer du om straumen skulle bli borte nokre dagar, mobilnettett sluttar å virke eller det ikkje er vatn i springen?

 

I samband med adresseringsarbeidet i Austevoll kommune gjorde Kartverket 13.07.2018 vedtak om skrivemåten av gardsnamna Heiamark og Kleppsvik. Vedtaket vart påklaga av kommunen og eigarane av gnr. 27 i brev av 21.08.2018 og 29.08.2018.

Kartverket sender no klagesaka ut på lokal høyring i Austevoll kommune.

På tysdag var det møte i utval for plan- og byggesaker. Heile 25 saker var til handsaming. Her kan du lese vedtaka som blei gjort.

Fiskeridirektoratet har fastsatt i forskrift at det ikkje er høve til å fiske med andre reiskaper enn handsnøre, fiskestang, juksa, dorg eller snurpenot i hummarfredingsområdet ved Trollsøya. 


Agenda Kaupang har no framlagt rapporten «Analyse av finanser, kvalitet og kostnader 2017».

Ved oppretting av nye vegparsellar er det også behov for nye skilt.

Austevoll kommune sender difor skiltplassering på høyring for områda:
Indreholmsvegen, Hestavika/Busesund, Storemyrshaugen og Hestamarka.

Uttale skal senast skriftleg til postmottak@austevoll.kommune.no eller til Austevoll kommune. Birkelandsvegen 2 5392 Storebø.
Uttalefrist er 3 veker, og sett til 18 oktober 2018.

Sjå link her for ytterlegare informasjon (PDF, 685 kB)

 

Endeleg godkjenning av vegnamn.

Austevoll kommune vedtok den 20.september 2018 i sak 103/18 endeleg godkjenning av følgjande vegnamn:
 

Storemyrshaugen
Indreholmsvegen
Storaskjersvegen
Mehaugen

Namna kan påklagast av dei som har rett etter Lov om stadnamn § 10, klage.
Vedtak etter denne lova kan påklagast av dei som etter § 5 første ledd bokstav a til c har rett til å ta opp saker om skrivemåten av stadnamn.

Klage/uttalefrist er sett til torsdag 18. oktober 2018.
Desse kan sendast til postmottak@austevoll.kommune.no eller pr.post til Austevoll kommune, Birkelandsvegen 2 5392 Storebø.
Den skal vera i skriftleg form og underteikna.

Sjå link her for ytterlegare informasjon. (PDF, 991 kB)

Høyring ny vegparsell: Hestamarka

Austevoll kommune har vedtatt å senda vegnamnet Hestamarka på ny høyring og offentleg ettersyn.

Ref. formannskapet 11.09.2018 sak 081/18 og kommunestyret 20.09.2018 sak 104/18.

Uttale skal sendast skrifleg til postmottak@austevoll.kommune.no eller til Austevoll kommune, Birkelandsvegen 2, 5392 Storebø.

Heggjevika  på Møkster vert endra til Hestamarka.

Uttalefrist er 3 veker, og sett til 18.10.2018.

Sjå endringsforslag her (PDF, 645 kB)