Austevoll kommune

«Adlesi» dagsturhytte

Eit kreativt namneforslag som fortel det aller viktigaste, nemleg at dagshytta på Loddo er alle si.

Ordførar Morten Storebø og folkehelsekoordinator Stine E. Konradsen kunne i dag avsløre at dagsturhytta på Loddo skal heite «Adlesi».
 
Namnevalet blei tatt av ein samrøystes jury og forslaget blei sende inn av Keren Økland.
 
Grunngjevinga frå Keren Økland var enkel:
 
— Hytta skal vere alle si.
 
Juryen lot seg begeistre av forslaget. Namnet er sjølvforklarande og positivt. Dessutan skapar dialektbruken band til Austevoll og austevollingen, meinte juryen.
 
Klikk for stort bileteSom takk for forslaget fekk Keren Økland (bilde) overrekt blomar i gåve frå kommunen av Stine E. Konradsen og nyleg avgått frivilligkoordinator Ann May Storebø.

Keren var både stolt og glad for å ha kome med vinnarforslaget. Éin ting gjorde det ekstra spesielt at valet fall på hennar forslag:
 
 — At eg som kjem frå England skulle kome med vinnarforslaget hadde eg aldri trudd, seier Keren Økland.
 
Eigentleg skulle dagsturhytta opnast i dag, men på grunn av nye smittevernreglar lot ikkje dette seg gjere. Opninga er førebels utsett til etter 12. april.
 
— Hytta og uteområdet er ferdig og folk er allereie veldig flinke til å bruke området. Derfor ønskte me å avduke namnet no, sjølv om det enno er ei lita stund til hytta blir låst opp, seier ordførar Morten Storebø.
 
Stine E. Konradsen er folkehelsekoordinator og har vore kommunens prosjektleiar for dagsturhytta.

— Det er veldig positivt at så mange tar turen opp til hytta sjølv om den ikkje er open endå, seier Stine E. Konradsen.

Ho fortel at det er svært mange som brukar turområdet.

— Kommunen har sidan januar dokumentert bruken av turnettverket på Loddo med ein turteljar. På det meste har det vore heile 379 passeringar, seier folkehelsekoordinatoren.
 
Søndag er den mest brukte turdagen, og det er klokka 13 flest folk går på tur.

I påsken oppmodar derfor kommunen deg om å spreie aktiviteten utover dagen slik ein klarar å halde god avstand, sjølv om ein er ute.

Austevoll kommune ønsker alle ein trygg og god påske!

Juryen har bestått av:

  • Aashild Dalen Veivåg
  • Anja Heggholmen
  • Bjarte Madsen
  • Gisle Stevnebø
  • Margrethe Utkilen
  • Morten Storebø
  • Regina Njåstad Vestrheim 

 

Klikk for stort bilete