Austevoll kommune

Alle kommunale kontor er stengte for publikumsbesøk frå måndag kl. 12.00

Kommunale kontor held stengt for publikum frå og med kl. 12.00 måndag 16. mars. Framtidige fysiske møte vil bli avtalt særskilt. Dette gjeld også for NAV Austevoll.

Kriseleiinga i Austevoll kommune har i dag beslutta nye tiltak for å hindre smittespreiing av koronavirus. Kommunale kontor held derfor stengt for publikum frå og med kl. 12.00 måndag 16. mars.

Framtidige fysiske møte vil bli avtalt særskilt.

Har du allereie ein møteavtale med kommunen så vil saksbehandlar ta kontakt med deg for å følgje opp dette. For å redusere risiko for koronasmitte er det avgjerande å avgrense direkte kontakt mellom personar. Dette gjeld også i direktekontakt mellom publikum og tilsette i kommunen.
 
Me freistar å avhalde framtidige møte som telefonmøte. Har du behov for eit fysisk møte med kommunen så vil dette avtalast konkret, ta først kontakt på telefon eller e-post.

Kontaktinformasjon:

Tlf. 55 08 10 00
E-post postmottak@austevoll.kommune.no