Austevoll kommune

Arbeid på parkeringsplassen på Hufthamar

Austevoll kommune har fått informasjon frå Fjord1 om arbeidet dei gjer på Hufthamar ferjekai.

Fjord1 skal klargjere for elektrisk ferjedrift på Hufthamar fergekai. Anleggsarbeidet skjer ved parkeringsplassen på Hufthamar og reduserer talet på parkeringsplassar.

Fjord1 skriv følgjande:

"Vi skal i samband med dette grave ei grøft over nokre av parkeringsplassane på Hufthamar. Vi må derfor stenge av nokre parkeringsplassar i ein periode. For å lage minst mogleg ulempe for brukarar av parkeringsplassen, har vi lagt dette arbeidet til fellesferien og utfører det i tre delar.

Vi seier oss leie for denne hendinga og skal kome opp med informasjonsskilt på kaien som forklarar arbeidet."

Fant du det du leita etter?