Arbeidsverkstad om utfordringar og mogelegheiter for lyngbrenning

Velkommen til arbeidsverkstad om utfordringar og mogelegheiter for lyngbrenning i vår region (frå Austevoll til Gulen).

Lyngheisenteret inviterer brannvesen, landbruk- og miljøforvaltning, lyngheibønder, grunneigarar og andre interesserte til samling på Lyngheisenteret onsdag 29. mars kl 9-15.

Vi startar dagen med ein kort introduksjon om lyngbrenning og erfaringar frå organisering av Haugalandet Lyngbrennarlag.
Vidare er føremålet å ha ein open diskusjon der vi belyser utfordringar og mogelegheiter for lyngbrenning, samt skisserer ein modell for samarbeid og organisering i vår region. Dersom du/din organisasjon ønsker å presentere noko legg vi til rette for det dersom du melder frå på førehand.
Deltaking er gratis, og Lyngheisenteret serverer enkel lunsj.

Dersom vertilhøva er rette legg vi opp til lyngbrenning etter lunsj.

Gje gjerne beskjed så tidleg som mogeleg dersom du er interessert i å delta – også om du er usikker på om du har mogelegheit. Endeleg påmelding ønskes innan måndag 27. mars.

Påmelding til:
Siri Vatsø Haugum
Fagansvarleg kystlynghei

Tlf: 417 43 182                                                             
E-post: lyngheisenteret@muho.no