Austevoll kommune

Årets frivillige austevolling 2019

I høve FNs internasjonale dag for frivilligheit 5.desember, vil me kåra årets frivillige austevolling.

I morgon delar me ut pris til "Årets frivillige austevolling 2019". Åtte fantastiske kandidatar har fått brev om at dei er blitt nominerte, og me håpar at så mange som mogleg vil kome å setta pris på dei. Det er mange gode grunnar for at nett desse menneska er nominerte til prisen, og juryen har gått gjennom grunngjevingane nøye for å finna den som stikk av med tittelen. Kandidatane som er nominerte er:

Sigve Drønen
Anita Aasebø
Trond Fredrik Ludvigsen
Kristine Fanavoll
Kenneth Samland
Leif Magne Storebø
Alf Helge Møgster
Amalie Nordvik

Me gler oss over å invitera til pølsefest og utdeling i Austevoll frivilligsentral torsdag 5.desember kl 17!!

Velkomne alle som vil!

rdføraren. Det ligg eige arrangement og info om sjølve utdelinga på facebook og i Marsteinen.