Austevoll kommune

Årets frivillige austevolling 2020

For andre gong skal me kåra årets frivillige austevolling, og du kan vera med å påverka kven som stikk av med den gjeve tittelen i 2020. Hugs å nominera din favoritt innan 20. november!

Kjenner du nokon som har gjort ein ekstraordinær innsats for frivilligheita i kommunen? Ein trufast frivillig som bidreg til å gjera kvardagen betre for nokon. Nokon som har stått på for å få til eit spesielt prosjekt? Vore ei eldsjel gjennom idrett eller kultur, jobba for å gje oss andre tilbod-år etter år, lagt til rette for at mange får glede av turstiar, strender og andre ting?

Du kan no nominera din favoritt innan frivillig innsats i Austevoll. Send mail med nominasjon og grunngjeving for at nett denne personen fortenar å vinna til postmottak@austevoll.kommune.no, innan 20.november 2020.

Klikk for stort bileteVinnar av årets frivillige austevolling 2019, Leiv Magne Storebø, mottok den velfortente prisen frå varaordførar Anja Heggholmen. Ann May Storebø I fjor var det Leiv Magne Storebø som fekk prisen "Årets frivillige austevolling". Det var fint å kunna heidra han og hans lange og trufaste innsats som frivillig i kommunen. No kan du vera med å bestemma kven som får denne i år!