Austevoll kommune

Åtte parti stiller liste til lokalvalet i Austevoll

Fristen for å levere liste til haustens kommunestyreval gjekk ut kl. 12.00 i dag. Då fristen gjekk ut var det kome inn åtte listeforslag.

133 personar er kandidatar ved haustens kommuneval, fordelt på 8 lister. Nedanfor kan du sjå kva parti som har levert listeforslag. Trykk på partinamnet for å sjå det innleverte listeforslaget.

Årets val er måndag 9. september. Du kan tidlegrøyste på kommunehuset frå 1. juli. Det vil også vere høve til å førehandsrøyste frå laurdag 10. august til fredag 6. september. Første ordinære førehandsrøystedag i Austevoll er måndag 12. august. Me kjem tilbake med meir informasjon om gjennomføring av valet og kvar du kan røyste. Alle som står på lister skal ha motteke brev elektronisk (via Altinn/Digipost/E-boks) frå Austevoll valstyre med informasjon om dette.