Austevoll kommune

Aukande smitte i Austevoll – framleis grønt nivå

Registrerte smitta er aukande og situasjon på torsdag er at vi har 6 personar med påvist Covid 19. Desse personane blir handtert etter reglar med isolasjon og nærkontaktar med karantene og testing.

Kommunelegen følgjer situasjonen nøye og har vurdert at det ikkje naudsynt å innføre lokale tiltak.

Austevoll kommune har framleis grønt nivå i skulane og i barnehagane.  

Vi oppmodar alle innbyggjarar til å vaksinere seg. I tillegg ønskjer vi at alle tek desse omsyna i kvardagen:

  • Hald deg heime om du er sjuk med nyoppståtte luftvegssymptomar – og test deg
  • Hald avstand til andre der det er mogleg i det offentlege rom, gjerne ein meter
  • Vurder bruk av munnbind om det ikkje er mogleg å halde minst ein meter avstand innandørs i det offentlege rom
  • Vurder bruk av heimekontor når det er mogleg
  • Reduser antal nærkontaktar
  • Ha god hoste- og handhygiene

 

På FHI sin heimeside finner du meir informasjon om smittevernråd

https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/befolkningen/smittevernrad-for-befolkningen/

Under ligg bilete på korleis smitte blir spreidd ved luftvegsinfeksjonar