Austevoll blir eit meir demensvenleg samfunn!

 

I kommunestyre 27. april signerte ordførar Morten Storebø samarbeidsavtale med Nasjonalforeninga for folkehelse v/ Ingvild T. Hansen, for eit meir demensvenleg samfunn. 

 I dag er det ca. 100 000 diagnostisert med demens, i 2050 vil talet vere dobla. Demensvenleg samfunn er eit folkehelsetiltak på det universelle nivå. Det handlar om å inkludere personar med demens og deira pårørande. Formålet er tryggleik, repsekt og forståing. 

 

Ved å inngå i dette samarbeidet er Austevoll kommune blitt ein del av dei 140 kommunane i Noreg, som arbeider for eit meir demensvenleg samfunn. 

 

Nasjonalforeininga for folkehelse sitt kommunalt samarbeid om eit meir demensvenleg samfunn, er retta mot privat og offentleg servicenæring. Kommunen tek ansvar for opplæring av dei tilsette i denne næringa, med mål om å tilby personar med demens tilpassa og best mogleg service. Opplæringa sikrar at serviceytarar i kommunen har kunnskap og tryggleik, og på den måten kan bidra på ei anna måte i møte med personar med demens.  

Det som er små møter og gjeremål i kvardagen for dei fleste av oss, kan for den enkelte med demens vere ei stor utfordring. Som eit kjøp i ein butikk eller ein taxitur. At ein serviceytar kan identifisera behov, har forståing for situasjonen, samt verktøy for å møta den vil bidra til auka sjølvstendigheit for personar med demens, mindre fordommar, fleire gode år og til sist gjere Austevoll ein betre plass å bu for alle.

Austevoll kommune gledar seg til å starte arbeidet i saman med servicenæringa og frivilligheita.